søndag 28. august 2011

reise frå fiji 1.







Ein kan undre seg over den labre aktiviteten frå på Good Mood for tida, ingen blogging, ikkje eit livsteikn. Kva har skjedd, er det mytteri ombord?




Det er ikkje kvar dag at ein kan seie at livet byr på overasskelsar. For vår del, hadde vi trudd at å segle var ein dans på roser. Vi trudde at vi hadde prøvd litt av kvart då vi kunne skrifte med å ha segla halve jorda. Litt pjask her og litt sjøsjuk der, det telde ikkje så mykje, vi hadde igrunn tenkt at resten blir like bra. Det var då det skjedde, vi vart for tøff. Utreisa frå New Zealand kunne ikkje ha starta værre, og dårligare vart den, seglturen som skulle blir den flotte fiskeopplevinga. Vi hadde ikkje komt oss langt frå det trygge landet då vi opplevde at kapteinen måtte ty til senga. Han blei dritdårlig, og ikkje bedre ein einaste dag. Der fins iallefall 2 typar sjøsjuketilstandar. Den eine typen er den som et mat, spyr og et igjen og spyr og blir til slutt frisk etter 3-4 dagar. Den andre er langt farlegare, der den sjøsjuke blir så dårleg at han ikkje orkar å verken drikke eller ete, og langt mindre klarer å gjere noko som helst. . Det tok oss ikkje lang tid å finne ut at vi, Stian og meg, representerar begge tilstandane. Heldigvis klarte eg å halde sjøsjuka mi i sjakk ved hjelp av sjøverksplaster og faste måltider, (skjønt det var ikkje enkelt å kokkelere i sånne forhold). Etter 3-4 dagar merka eg at livet hadde endra seg for min del, eg klarte meir og var mindre sjøsjuk. Vinden var 30 knop og meir, heile veien, men det værste var bølgene som konstant gav oss juling i sida så det small. Etterkvart lærte eg at den sjuande bølga er værst og klarte å huske på å støtte meg til ein plass før eg fortsette med arbeidet. Kva arbeidsoppgaver eg hadde? Det var å trøste Magnus som hadde sår munn og ville ikkje ete. Opp å sjekke etter andre båtar. Lage til nudla til Elia og Magnus. Opp å sjekke etter båtar. Springe til å hjelpe Magnus etter eit slag i dørken, og legge han opp i salongen. Opp å sjekke etter båtar/sjå etter at vi segla med maks fart og seilføring, så mykje som segla kunne tillate det i denne vinden. Nede i båten igjen gjekk eg bak og trua kapteinen til å ete og drikke. Opp å sjekke etter båtar. Ett blikk på pc'en, båten seglar fint på streken sin. Sette på dvd til ungane som ikkje likar at dei aldri får ligge i ro. Drikke vatn, gå på do, prøve å ikkje tisse på golvet når bølgene kjem og vil hive meg av doskåla. Hoppe av do i fullfart fordi andre har behov for å bruke den, denne gongen for å mate fiskane med all maten eg nettopp hadde laga til. Opp å sjekke etter båtar. Ned igjen og sjå etter at Kapteinen drikk cola som han ikkje vil ha. Fram til salongen der guttane har spydd, hente handdukar og tørke opp. Hive handdukane ut luka for om mogeleg å vaske dei når det kanskje roar seg om nokre dagar. (håpe på at handdukane like gjerne blir tatt av vinden og flyg på sjøen). Kjenne at melkesyra begynner å få beina til å skjelve aldri så lite. Ein dag spelte vi barnesangar, ein annan dag blåste vi opp ballongar og fekk Magnus til å gløyme den såre munnen sin for ei stund. Nesten halvegs til Fiji var eg så dom at eg lasta ned ei gribfil (værmelding). Dei neste dagane kunne love endå meir vind på skrå bakfrå, så eg gjekk rett i depresjon. Ringte heim og fikk prata med pappa, men det var ikkje mange orda eg klarde å sei. Stian stakkar, høyrde på fortvilelsen min, men klarde ikkje å karre seg på beina. Etter råd frå OpportuneRune, surra vi roret og låg berre å dreiv ei natt. Eg fekk sove nokre samanhengande timar, men det var så deprimerande å ikkje komme seg vidare, at vi fortsette ferda så fort dagen lysna. Venner frå NZ hadde etter å ha ringt meg på satelitten, engasjert redningsselskapet i New Zealand som ringte meg og ville hjelpe oss. Eg svara at dei kanskje kunne få hente Stian og ungar, men at eg ikkje ville forlate båten og kunne segle den vidare til Fiji. Då Stian fekk høyre dette vart han reint ute av seg, ville ikkje forlate skuta og var veldig redd for at eg ikkje skulle klare å komme meg til Fiji. Vi vart enige om å ringe dei oppigjen viss dette vart aktuelt dei nærmaste dagane. Vinden auka på, akkurat som lova, vi vart slengt hit og dit, men vi segla som aldri før og avstanden til Fiji minka fort.







Vakrare syn enn fjella til Fiji skal ein leite lenge etter! Eg beordra Stian opp på dekk og bak for å FISKE!! Og det gjekk ikkje lenge før vi fekk ein flott dorado på kroken - til stor begeistring for både liten og stor ombord i Good Mood. Etter 7 dagar innestengt i ein dansande heim, var det rein feststemning det siste døgnet og vi spelte masse musikk som vi dansa til! Sliten, men glad, satt eg oppe siste natta og lytta på ei spennande lydbok før vi kunne smyge oss inn passet medan sola stod opp bak oss.

Eg var klar for mytteri, meir enn klar. Eg ville ha ei veke på ei strand heilt aleine. Kjenne at det var fast grunn under meg, kjenne at kroppen tok seg innat, ville helst aldri meir sjå hav igjen.

Så kom Hilde og heldt rundt meg og fortalde at ho var glad i meg! Av alle menneske på jorda, så skulle vel ho ha einerett til å prøve å argumentere og påvirke oss til å avslutte dette eventyret. Istadenfor stengde dører, så møtte eg opne armer. Ho let meg prate ut om redselen og fortvilinga. Om morgonane høyrde eg at Magnus og Elia fikk morgonstell og leverposteiskive. Stian og Andor fann nye sandstrender, korallrev og kokosnøtter, og livet ombord på båten vart sakte men sikkert restaurert til normal rytme. .....og resten veit dåkke alle, vi hadde ei flott tid saman med svigers, så kom brutteren og kona og tilslutt har vi hatt æra av å få blir kjend med dei berømte havseglarane ombord i sy La Familia!

Vem kan segla förutan vind? Vem kan ro utan åror? Vem kan skiljas från vännen sin utan att fälla tårar?




Jag kan segla förutan vind, Jag kan ro utan åror. Men ej skiljas från vännen min Utan att fälla tårar.

I ein månad har vi lege klistra side ved side intil kvarandre, kjent på varmen frå felleskapet og gleda over å ha gode venner. Det brusar i årar, vi lever på luft og kjærleik og det er nesten så vi snart giftar oss med kvarandre. Då er det at vi får kalde føtter, no er tida komen for oppbrudd og vi lyt ta farvel med dei trollbundne vennane våre. Ei tåre kjem, og ei til, før sola vert formørka av dei regntonge skyene. Med eitt, braka det laust med striregn.




Vi tek lausti morgo, tirsdag 30 august, og selgar vestover. Kvar vi endar opp, er ikkje så enkelt å svare på, einaste vi veit med sikkerheit er at vi tek ein dag av gongen. Det er nydelege værutsikter og vi tek sikte på å gå mot Australia ein plass. Eg kjenner ikkje på redsle for avreisa, berre låk i magen med tanken på at vi forlet dei flotte folka på La Familia. Kleng, Anne, Liva og Edgar har gitt oss mykje gode minner, og vi gler oss til å møte dei igjen i Norge ein gong.


Snart skal vi ha hav og hav på alle kantar, vi er godt forberedt og sjølv om Elia allereie saknar vennane sinem vil han gjerne få den storfisken som pappaen har snakka så lenge om... Vi kjem til å få ei særegen tid framover, der familien er i sentrum heile dagen, kan ein få det bedre?


Reidun

2 kommentarer:

Signy sa...

Dette var ein kjempebra beskrivelse!

Me tenker på dykk og vonar at reisa går bra!

Signy og Aslak

Marie Fossheim sa...

Fysøren Reidun, Du e sjikkelig flink å skrive! Ej leste ditta reisebrevet no..Å sia det ikkje e so lenge sia ej va ombord, so såg ej på en måte for mej alt du beskreiv veldig godt! :) Ej blei sjikkelig rørt møt slutten av lesinga.. Du e sterk also:) Ej beundra dokke, alle fire:=)