tirsdag 5. mai 2009

Galapagos øyane

23 april – 4 mai: Galapagos.


Ei øygruppe i stillehavet beståande av 5 store og 9 mindre øyer. Verdens nest største krater er på ei av desse øyane som Siv og Jan besøkte.

Vi kom hit til Santa Cruz fredag den 24 april og har no vore 12 dagar her. I morgon dreg vi ut på nytt eventyr; 3 vekers overfart til Pitcairn. Det blir ei ny atlanterhavskryssing, forskjellen er at denne gongen skal vi krysse eit stort hav og ikkje ein lang fjord, som Rune frå Opportune seier. Vi er veldig spent på korleis det vil bli. Vi kan sjå på værmeldingane for dei neste dagane framover, men det er ikkje så godt å vite kva som kjem om 2 -3 veker. Akkurat no ser det veldig flott ut med stabil vind frå sida første veka. Det likar vi!

Her på Galapagos har vi sett skilpadder, iguanaer og dykka med hai! Det har vore lite oppdatering på heimesida vår, men enkelte har kanskje registrert at der har komt meir skriveri på http://www.janogsiv.no/ . Dei har vore flinkare å oppdatere enn oss. Dei gongane vi har hatt internett-tilgang har vi berre skravla på skype med familie og venner.
Kva har vi gjort på dei 12 dagane på Galapagos?

DAG 1 – 23.april:
Ankom Santa Cruz, Academy Bay om morgonen, ankra opp ved SY Hilde og SY To Fluer. Snakka litt med Finn og Reidun om mathandling, søppelsømming, internett forbindelse og innsjekking. Det sistnemde måtte vi bruke agent til, så Finn og Stian gjekk avstad for å finne denne. Elia og eg la ut bilder frå havturen på heimesida og prata med dei heime på skype. Gjekk tur i gatene. Samankomst seinare på kvelden ilag med andre norske.

DAG 2 – 24.april:
Vi besøkte Darwin senteret der vi fekk sjå gedigne skilpadder, gule iguanaer og små beibi skilpadder.


DAG 3 – 25.april:
Strand tur. Opportunegjengen pluss Siv, Jan, Elia og Stian, gjekk ein time i solsteiken til ei veldig flott badestrand, Tortuga Bay. Der fekk dei sjå sjøløver og studere svarte iguanaer på nært hald. Iguanane var så dovne og late at dei reagerte knapt sjølv om Stian var borti halen på enkelte. Elia bada og storkosa seg! Eg (Reidun) var ikkje med på turen. Planen var å surfe litt på internett, men istaden møtte eg Torbaldo Kastdalen og fekk bli med å sjå barndomsheimen hans. I 1935 flytta familien Kastdalen; mor, far og sonen Alf til Galapagos. Torbaldo er sonen til Alf. Det var akkurat som å komme inn i ei norsk hytte med gammal innredning. Der var hekla dukar og gardiner. På kjøkkenet i kjellaren var der ein gamal vedovn frakta frå Norge og i hyllene stod der mange norske bøker. Torbaldo lærte litt norsk med bestfaren og snakka gebrokkent norsk. Å forstå sunnmørsdialekta mi er ikkje enkelt, men han mestra den fint!


DAG 4 – 26.april:
Dykkerdag! Alle untatt Elia og Reidun for avstad og dykka ved north seymour. Der såg dei mange leikne sjøløver og Siv såg galapagoshai på litt over 2 meter.
Elia og Reidun var i sentrum og gynga på hest og leika på leikeapparater.

DAG 5 – 27.april:
Roleg dag i båten og omegn:)

DAG 6 – 28.april:
Stian, Reidun og Elia gjekk i sentrum og fann diverse småting og utstyr til båten. Vi besøkte dessuten fiskemarkedet og der vi vart ei god stund. Elia gjekk heilt i spinn over alle store fiskane han såg, og sjøløvane og fuglane som venta på fiskebitar.

Dag 7 – 29.april:
Stor fiskaren i slaget!! Elia fiska mykje med den lille fiskestanga si og får napp med ein gong han hiv ut kroken med agn. Dei bit like godt på spagetti, som på ost eller druer:)


DAG 7 til 12:
Dagane gjekk igrunnen ganske like. Vi stod opp, sjekka fiskelivet med å mate dei med brødsmula, gjekk iland og studerte dei mange raude krabbane i havneområdet, gjekk i gatene på kryss og tvers, kjøpte litt meir boksemat og no på slutten hamstra vi inn frukt og grønnsaker. Siv og Jan for på 2 dagers utflukt til den store vulkanøya, og dette kan dåkke lese meir om på www.janogsiv.no
Desse siste dagane har vi vore mykje saman med OpportuneRune, Eva og Asbjørn, sidan det er lenge til vi skal sjå dei neste gong.(-hue,ea og bøn, som Elia sei;) Opportune reiser ned mot Påskeøya. Det har også To Fluer bestemt at dei skal gjere, så det er ikkje fritt for at vi kanskje treff dei igjen på Pitcairn. Hilde har allereie gått til Marquesas øyane. Kanskje det blir norsk igjennforening på Tahiti i juli. Vi får sjå kor lenge vi blir på Pitcairn og Gambier øyane.

I kveld er siste kvelden ilag på lenge, så vi skal ut og ete middag heile gjengen. Siste middagen på øya Galapagos før vi sett kursen og seglar imorgo mot Pitcairn.
Mytteristøya; her kjem Good Mood!!
-Reidun

Ingen kommentarer: