torsdag 17. juli 2008

Før avreise

No er det berre nokre få daga igjen før vi løyse tampane og seglar ut på det store eventyret som vi har sett fram til i mange år. Avreisedagen er sett til FREDAG 18 JULI ca klokka 1710.... Då rekk ho Anita å stå på kaia og sei hade ho også:) Reknar med der vil bli nokken bestemødre, fedre og venna som vil ønske oss god tur og grine litt når vi reise.

Siste vekene har gått utrulig fort. Mellom anna har vi vaska dieseltank så den skulle vere klar for havdønning og krapp sjø.. Har innstallert forskjellig oppi masta som tv antenne og Sea Me radartransponder. Rydda ut mange ting frå båten som ikkje skal ver med på tur og laga plass til all maten som skal ombord. Apropos mat, bunnpris gjekk amok og ga oss en "gi bort" pris på all maten vi hadde lista opp. Kjempegreier! Så no er det berre å prøve å finne plass til alt sammen. Ei oppgåve som blir hard å løyse. Dessuten kom Steffen med en kubikk med godsaker.

Gler oss stort til å endeli få løyst båten.

English version:
not yet available

Ingen kommentarer: