mandag 29. september 2008

Cascais søndag 28.sept. kl. 14:30

No dreg oss opp ankeret og seila ut frå Cascais. D bles 25 knop rett medvind til Madeira, so ditte kan bli en flott seilas ilag med Rapsody in Blue. Leikaren, Opportune, Ruffen og Tempest går kanskje i morgo. Vi rekna me å ver på øya Porto Santo om ca 4 daga. Jippi. Vi ska endå lenger sør!

reidun (via sms til Hilde)

fredag 26. september 2008

25 sept. Cascais i Portugal



Det er veldig, veldig rart å vere i Cascais! Alle plasser som vi har besøkt til no, har vore nye og spennande stader, mens her i Cascais har vi faktisk vore før. Og i seilbåt! Til og med Elia har vert her, men tvilar på at han huskar så mykje, då han var inni magen min og berre eit 4 mnd gammalt foster. I oktober 2006 flaug vi ned til Cascais og besøkte Anne og Raymond Igesund ombord i seilbåten deira Helmax. Spennande tur, ikkje minst fordi vi tenkte at vi kanskje skulle tilbake hit engong. Og no er vi her; i eiga skute! Sprøtt!


Turen langs Portugalkysten gikk i 5 forskjellige etappar. Frå Baiona gjekk vi ut saman med Opportune og Ruffen til Porto de Leixous. Ombord i Opportune er Rune, Eva og Guro og i Ruffen seglar Steffen og Hilda. Svære dønningar og litt vind. Elia spydde mykje stakkar, men berre denne dagen, resten av turen til Cascais verka det som om han var kvitt sjøsjuka. I Porto de Leixous traff vi en anna norsk båt, Las Primas med Lene og Cecilie ombord, så vi for på restaurant alle sammen og fikk mat med syngande trubadurar til. Frå Leixous gjekk turen vidare til Aveiro. Der kom vi fram så pass tidleg at vi rakk ein tur iland så Elia fikk springe litt. Han var mest opptatt av alle som fiska frå bryggene. Kjempespennande når dei fekk fangst. Tidleg neste morgon starta vi turen frå Aveiro til Nazare. Og denne etappa vart mykje lengre en tidlegare. Vi kom fram i 21 tida om kvelden, men hadde hatt ein veldig flott tur. Seila litt og Elia fikk bade i stampen ute i cockpiten. Utruleg nok gløymde eg å ta bilder av hendelsen! Men det vert sikkert fleire anledningar. I Nazare låg Leikaren og hadde besøk av ungane sine. Kjekt gjennsyn! Nazare er ein flott landsby og det spesielle med den er at gamlebyen til Nazare ligg høgt oppe på eit platå. Vi tok taubanen opp og nytte utsikta over byen Nazare på den eine sida, og dei enorme sandstrendene på den andre sida. Stian hadde med seg paraglider, men fann ut at det var feil vindretning for å flyge. RuffenSteffen og Stian tok heller med seg paraglideren og leika seg i fjøra ved havna der båtane låg.

Om det er nokon som lurer på om vår Steffen har mønstra på igjen så er det feil altså. Stian har funne seg ein anna Steffen som han kan finne på masse sprell ilag med:) Ombord i Ruffen bor nemleg ein anna Steffen og kjærasten hans, Hildegunn. Og for å gjere forvirringa heilt komplett så vert ho populært kalla Hilda. Ikkje rart at Elia har begynt å kalle alle for mamma..... Han har totalt forelska seg i Hilda som har passa Elia litt og likar å leike seg med han. Så når vi var på sjøen og segla og Elia såg Ruffen båten så ropa han MAMMA av all kraft. -Nei, Hilda! sa eg. Ikkje vits i. I det siste er vist både pappa og steffen og Hilda og alle sammen blitt til mamma,/nanna, så eg har halvegs gitt opp. Utviklinga til Elia blir berre meir og meir interessant synast eg:)
Frå Nazare gjekk vi 4-5 timer ut til Ihla da Berlenga. Der var ikkje godt å ankre opp, så medan vi sleit og dregga ankeret, så ropte nokon frå ein liten båt at vi kunne låne mooringen deira til dagen etterpå. Den var berre i bruk nokre timar for dagen, til å kjøre turistar til og frå øya. Vi takka og bukka og fekk ligge der i 3 dagar faktisk. Las Primas, Opportune og Ruffen fann seg tilsvarande mooringar. Leikaren hadde allereie vore på øya og gått inn til Peniche.




Berlenga var ei fasinerande øy! Ei gammal borg frå 1600 talet, mange grotter og klart vatn. Men iiiis kaldt å bade. Stian dykka og buldra (klatra i fjellet utan tausikring). Eg drog på oppdagelses tur iland saman med Hilda frå Ruffen og Eva frå Opportune. Elia, Stian og Steffen kom iland etterpå dei også. Natta til avreise dagen gynga det so fælt i båten at det var vanskeleg å få skikkeleg søvn. Til og med Elia var sutrete fordi båten dansa so fælt. Dermed bestemte vi oss for å vere igjen ein dag til, og dei andre gjekk videre til Cascais. Denne dagen tok vi oss ein lengre gåtur iland og nytte utsikta utover havet.


Frå Berlenga til Cascais gjekk det ca 6-7 timar. Vi gjekk for motor stort sett heile dagen. Blikkstille hav og varm sol. Vi sola oss og laga pannekaker og i det heile tatt hadde en flott tur før vi runda neset og tøffa inn til havnebassenget i Cascais. Her var det fullt i seglbåtar! Dei låg oppankra tett i tett utafor marinaen. Mange forskjellige najonalitetar, men absolutt fleirtal av skandinaviske båtar. Seinere på kvelden vart det duka for ei samling inne på stranda, der mannskapet frå dei norske båtane deltok, pluss nokre svenska og danska også. Dei aller fleste er på vei til Caribien, men ikkje alle skal segle samme ruta. Kjekt å få høyre om andre sine opplevingar på havet, dele erfaringar og diskutere vidare ferd.


Dagane her i Cascais har gått med til klatring og endå meir klatring, då dette er plassen for klatre entusiastar. Eg trur Stian har klatra 4 dagar saman med ruffenSteffen og Hilda og Rune frå Opportune, som alle er klatrarar. Elia og eg har vore med av og til og sett på. Kjekt. Elia vil gjerne klatre han også, så det blir vel det neste vi invisterer i – ein klatresele for kids. Han har iallefall føtter skapt for klatresko, då lilletåane hans skråar heilt inn under dei andre tåane. RuffenSteffen og Stian har også surfa, og no medan eg sitt å skriv så inviterer han Stian med på dykking på VHF en saman med Eva og Rune frå Opportune. Alltids noko å gjere på når ein har kompisar oppankra tett i tett.


Følelsen eg fekk då vi runda neset inn til Cascais har byrja å sleppe taket, og eg er ikkje så engsteleg for å krysse havet over til Madeira som eg var tidlegare. Då vi besøkte Helmax i 06, vart eg både kvalm og småredd når vi skulle ut på ein aldri så liten segltur utanfor byen her. Eg huska at eg tenkte -Fy så glad eg er for at det ikkje er meg som skal krysse eit så stort hav i ein liten båt... Og no sit eg her. Skal krysse eit stort hav - i ein liten båt. Men ferda til no har gått over all forventning, vi har tilpassa oss livet ombord og blitt meir kjend med store dønningar og mykje vind. Ikkje minst blitt tryggare på båten og oss sjølve. Så no har vel egentleg følelsen gått frå å vere ein skummel tanke til å bli ei spennande utfordring.


Vi forlet ikkje Cascais endå, men blir her nokre dagar til. Kor tid vi går ut mot Madeira, ei reise som vil ta ca 5 dagar, er avhengig av værmeldingane sjølvsagt. Og det ser igrunnen ut som vi kan få ei flott overfart med mykje medvind.


No ropar Elia på mamma, og i og med at eg er den einaste i nærleiken, så reknar eg med at det var meg han ville snakke litt med. Han har nettopp hatt formiddagsluren sin og ventar snart på middag:)
reidun

onsdag 24. september 2008

24 september - Cascais

Vi er i Cascais no og kosar oss med klatring, surfing, proviantering(reidun) og ikkje minst gøy å vere ilag med så mange andre norske båtar. Har lagt ut nye bilder frå turen langs Portugal kysten. Skal lage ett aldri så lite reisebrev frå turen, når det blir tid. Vi blir nok her nokken dagar. Kor lenge veit vi ikkje endå, men vi skal ha gode vær utsikter før vi startar på turen til Madeira.

reidun

fredag 19. september 2008

18. september - Berlenga

Kort rapport frå Good Mood i dag. Dei har det fint, og ligg fortsatt ved øya Berlenga utanfor den vesle byen Pernich. Dei kosar seg, og Stian hadde fått roa litt loppene i kroppen med litt "buldring" saman med Steffen frå Ruffen.
Planen var at Good Mood skulle starte på ein ny ca. 12-timers-etappe videre sørover, nærare bestemt til Cascais, saman med både Ruffen, Oportune og Lasprimas i dag tidleg.
Det hadde så vore litt uroleg ver i natt, og Elia hadde også vore litt uroleg, så Good Mood valgte å utsette neste etappe ein dag, og starter sannsynlegvis sørover i morgon tidleg.

Hilde

torsdag 11. september 2008

Baiona

Har inga aning på kva dag det er idag. Veit berre at vi har det veldig bra her og vi kosar oss. Det er sjølvsagt litt kaldt her av og til, men det tar eg ikkje så tungt. Det blir tidsnok veldig veldig varmt, og vi kjem til å savne litt kulde. Men idag har vi no faktisk vore på stranda og sola oss litt. Klarte faktisk å brenne meg. Første gongen. Jada mamma, eg har hatt på aloevera på heile overkroppen. Ser ut som en rosa gris no. Eg er faktisk den kvitaste nordmannen av alle her.. eller den raudaste akkurat for øyeblikket.

Vi er altså i Baiona. Ligg oppankra ilag med Ruffen og Opportune. Vi traff dei første gongen i La Coruna og har holdt litt kontakt etterpå. Vi tenkte å gå ilag imorgo nedover Portugal kysten. Det blir en heftig seilas trur eg, med mykje medvind og store havdønninga.. Vi får sjå, vi har iallefall lyst å komme oss ett godt stykke nedover imorgo og finne syden...

Ellers har vi kosa oss med dykking og slappa av på Isla Cies, sjå meir i bilde albummet.

Avreise klokka 8 imorgo, so no tek eg natt.

Snakkast i Portugal:)

reidun

søndag 7. september 2008

Laurdag 6. sept...
Vi sitt oppe på ei festning og stjel internett frå ett hotell. Her e minst 2 bryllaup som blir feira + ett motorsykkeltreff. Venta på å bli jaga vekk ganske fort, då vi ikkje he på oss kjole og smoking som alle andre rundt oss her....

Vi har det fortreffeleg. Ligg oppankra i Baiona. Flott liten by i Galicia i Spania. Vart litt ekstra spennande natt til fredag då vi fekk mykje vind og regn. Vindmåleren viste 40 knop om morgonen og vi kunne skimte at nokon av nabo båtane dregga. Regne pøste ned, men det gav seg etterkvart. Vi låg bløggfast med anker og daumann;)!!

Elia har det ikkje så bra. Han er lei seg fordi alle folka for so fort heim. Plutseleg var der fullstendig tomt i båten. Han går stadig fram i forpiggen og ser etter Steffen.. Men han kjem forhåpentlegvis tilbake om en månad eller nokke sånt.

Høre rykter om at der er en skokk med norske båtar litt lenger nord i Spania. Blir kjekt å treffe dei når dei kjem nedover en gong:)

Imorgo reise vi til Isla Cies igjen for å bade, sole oss og bygge sandslott!

Reidun

La Coruna - Vigo



Reisebrev frå Bestemor i farta (for spesielt interesserte)

Endeleg var tida inne då eg kunne besøke Good Mood i Spania. Fekk ordna med ferie-dagar, men grudde meg litt for å reise åleine. Tenk så kunne Petter Sundnes bli med på ein tur, og billettar til La Coruna vart bestilt i ein fei!
Strålande flytur, men sjølvsagt kom ikkje bagasjen. - Tok buss frå flyplassen og inn til byen. Ein opplevelse!

Komne til båthamna, var det på med langhåra parykk og store solbriller, ville prøve å ''lure'' Einar – men dette var ikkje ei lita småbåthamn. Her var «ein skog av mastrer, av skrog ein mur» som det står i diktet. Fann ikkje Good Mood. Måtte fram med mobilen – Jau, Stian og Einar skulle komme på leiting - og Einar kjende meg på ganglaget, så då vart det gjensynsglede!

Dagen etter var det å gå på byen og kjøpe seg bh, truse og t-skjorte, mens vi venta på koffertane. Koseleg by. Ingen kan engelsk men snakkar rasande fort på spansk, som om eg skulle forstå noko av det. Beste bilda kjem aldri på trykk, er det sagt. De skulle sett meg då eg gjerne skulle kjøpe surmelk! Prøvde meg både på sognemål og fingerspråk og surt fjes! Enda opp med en pakke geitemelk – men den laga Stian nydelege pannekaker av dagen etter.

Fredag var det fleirtalsstemning for å seile til Vigo. Ein til to dagars seiling, og eg som blir sjøsjuk berre eg sit for lenge i ein gyngestol! Men sidan dette skulle vere min livs opplevelse denne hausten, så sette eg meg godt til rette i cockpiten. - Vi var ikkje komne langt frå La Coruna før vi møtte dønningar på to-tre meter, vinden var skiftande, så seilføringa var lita.

Men kvar vart det av sjøsjuka? Stian serverte varm spagetti med kjøttsaus mens båten gjekk på autopilot og seila inn i solnedgangen. Smaka fortreffeleg med etterfølgjande kaffi! Brått fekk vi auge på delfinar som leika seg i havet ikkje langt frå båten, elegante dyr.

Etter som landet kvarv, vart det meir og meir hav på alle kantar og nydeleg sol som seig i havet – Men kva var dette? Var det torden i det fjerne? No mørkna det meir og meir og brått var uveret over oss. Eg finn ikkje ord som beskriv denne fantastiske naturopplevinga. Først kom regnet, så lyn og torden, hav og himmel gjekk i eitt i eit einaste lysspel. Morilden dansa i bølgene rundt båten, og fiskestimar som kom og gjekk såg ut som dei var sjølvlysande!

Natta fall på og eg ville gå å legge meg, trengde ikkje lys, lyna kom så tett at heile rommet vart opplyst. Utruleg, men eg sovna likevel i full visse om at vi var i den Allmektige Gud si hand. ----
Klokka 10 laurdagsmorgonen seig vi inn i marinaen i byen Vigo, og Stian og Steffen, som hadde stått til rors heile natta, kunne ta seg ein velfortjent kvil.

I båthamna i Vigo hadde einkvan trena opp ein diger delfin til å lage lydar og hoppe høgt, ta med seg båtlina på nasa og såleis helse på nye seilbåtar som kom inn i hamna til stor moro for Elia og dei som filma.

Ungdommane ombord fann raskt ut kvar det var mest spennande å fare, så dagen etter gjekk seilturen til øy- gruppa Cies Islands. Ankra opp i ei bukt utafor hovedøya. Gutane for på oppdagingsferd og fann plassar å dykke og ei nydeleg badestrand. Dagen etter vart vi alle frakta inn til badestranda med gummibåten og åt middag på en fin restaurant der. Etter denne fine soldagen vart neste stopp Cangas, ein mindre by ikkje langt frå Vigo.

-----------

Ei anna historie, men som er like spennande, er korleis mannskapet har takla å ha så mange personar så tett innpå heile tida. Her har vi overnatta og fått gode måltid, seks vaksne personar pluss vesle Elia på eit og eit halvt år! Reidun reier opp sengar kvar kveld og skapar det om til opphaldsrom om dagen, kvar ho gjer av alt, er for meg ei gåte! Ut frå vegger og golv tryllast fram gotteri og matvarer, og vips, er bordet dekka til seks.

I ledige stunder, underheld Steffen og Stian med halsbrekkande akrobatikk, frå sit-ups i leideren til salto i sjøen! Vesle Elia apar etter så godt han greier, til stor moro for alle som ser på!

Det likaste er at dei seier det var kjekt å ha besøk, - så hermed er ide'n gitt vidare til andre som har lyst på ein aldri så liten seiltur. -

Tusen takk for meg!

Bjørg

mandag 1. september 2008

Vigo



Heisann godt folk!

Søndag 31 aug

Akkurat no er vi i Vigo. Vi har flott besøk av Petter Sundnes og Mamma Bjørg. Eg har faktisk ikkje vør på internett sia vi var i Frankrike, så idag har vi gått en tur opp i Vigo sentrum og fått lagt inn litt bilder frå Biscaya overfart og litt reisebrev. Ho mamma sei at ho vil gjerne skrive litt frå turen frå La Coruna til Vigo, så det blir litt fleire bilder og skriveri etterkvart.

Petter, mamma og papps reise heimover på fredag, og vi kjem til å vere her i Vigo til dei reiser. kanskje ankre opp og sjekke ut området rundt her. Vi må no ut til dei berømte Cies Islands og bade frå verdens finaste badestrand vistnokk.

reidun

Biscaya overfart

21/8 kl 11:00 gjekk Good Mood og Leikaren(båt frå Stavanger) ut frå Brest for å krysse Biscaya. Vermeldingane var gode og vinden skulle etterkvart dreie på ein fin nordvest. Etterkvart begynte karane å slakke ut fiskeutstyret for å prøve seg på storfangsten som Reidun meinte aldri kom. Det første nappet kom om morgonen andre dagen men først gjekk det ikkje heilt etter planen. Det er et styr å få stoppa ein båt som går for fulle seil samtidig som ein jobber med fisken. Derfor enda det med ein wire-stump og ingen fisk.

Litt seinare fortalte dei på Leikaren at dei hadde sett store tunfiskar som hoppa etter småfisk og då var snøret snart ute igjen. No var det heile betre planlagt enn første gongen, og når snøret begynte å rase ut på nytt tok Steffen og Reidun inn seil, Einar tok fiskestanga og Stian tok roret. Stemninga var god når ein Longfin Tuna på ca 3 kilo var komt på dekk. Snøret var snart ute igjen og etter ei stund begynte det å synge i snelda igjen. No fekk vi inn seila og snudd båten på rekordtid og Einar jobba hardt bak på stonga. Vi fekk først eit glimt av fisken nede i djupet før snøret rasa avgårde. Så viste det seg at vi hadde komt inn i ein stim av kjempestore tunfiskar. Desse jaga etter små stimfisk og vi fekk sjå fleire spektakulære hopp nært båten med fisk på godt over meteren. Einar var heilt gåen då kampen etter eit kvarter enda med at kroken desverre slapp taket i fisken. Dette var truleg ein fisk på størrelse med dei andre beista som hoppa rundt oss.

Etter nokre få timar blei det enda eit napp på troa og denne gangen fekk vi fisken ganske problemfritt ombord. Ein til tunfisk blei kleppa og løfta inn på dekk, og denne var på 10-12 kilo.
Det dukka og opp delfinar foran baugen med jevne mellomrom og dette var selfølgelig eit flott syn der dei leika seg heilt inn til baugen. Ein gong køyrde vi oss inn i ein flokk på 100-150 delfinar og Elia var stor i augene og peika villt.

Ut på kvelden tredje dagen dukka det opp ein finne som stod å peiva ut av sjøen og Stian var ikkje sein å legge om kursen for å sjå nermare på dette. Rett nedanfor skrogsida låg det ein månefisk og såg rett opp på oss med store auge. Steffen kom byksande frå lugaren sin og lurte på kva som føregjekk og i samme øyeblikk som han såg fisken så ropte Stian «kor e dykkermaska mi?!!» Før han skjønte kva som skulle skje var Stian allerede i vatnet krawlende mot beistet av ein fisk. Stian tok tak i fisken som ville ned i djupet men Stian ville det annleis. Han styrte fisken mot båten i eit solid basketak og lot etterkvart fisken få svinge seg ned i djupet. «Detta e de argaste ej he sett!!» brølte Steffen frå dekk.

Slik gjekk dagane over Biscayabukta og havet var så godt som flatt heile turen. Finere forhold kan ein ikkje ha på eit såpass berykta og omsnakka havstykke.

Steffen og Stian