søndag 4. september 2011

Vanuatuøyane!

Vi ser dei, men vi kan ikkje stoppe. Då kjem vi oss ikkje videre. Turen til no har gått greit, dei første dagane er alltid dei værste. Etterkvart har vi fått litt meir bølger å stri med, og stemninga er så som så. Men no har vi komt igong, så då er det berre å fortsette.
Elia datt på golvet og fikk blåkul på nasa, så leika Magnus (og Elia) litt brutalt og lillebror skalla storebror slik at nasa blei både stor, blå og gul.
Magnus har fått rastafletter i bakhaudet.
Tørrfisken slit med å bli tørr då vi har hatt endel regn i det siste.
Stian mista ned pannekakerøre ikkje berre ein gong, men to gongar samme dag. Då rømde vi andre bak i lugaren og fann nokke kjekt å leike med, medan vi hørte kor Stian vaska og skjente på seg sjølv.
Vi har sett fiskebåtar, flygefisk og nokre lanterner i det fjærne. Ellers har det vore ganske einsamt på havet.
Havet - lumsk, bølgete, stort.
hm.. bobil.. der kan ein i det minste stoppe og springe av seg litt innestengt energi, det må vere fint det.
Reidun
Ps: har vanuatu vulkan i nærheita av der vi passerte? vi såg rosa/orange skyer heile natta over fjellet til venstre for oss.

2 kommentarer:

HildeD sa...

Du såg nok rett Reidun. Vulkanen på øya dåkka hadde på venstre sida heiter Ambry, og på Google Earth står det: Ambrym, a large basaltic volcano with a 12-km-wide caldera, is one of the most active volcanoes of the New Hebrides!

Per Steffensen sa...

Seilte til Ambrym i 1978, men kom ikke helt frem p.g.a. de rådende vær- og strømforhold på en tiden. Fant andre øyparadis i nærheten da jeg var på jordomseiling på den tiden. Sekstant, klokke og tabeller + nautisk almenekk fungerte det også.
Fortsatt god seilas.
Per Steffensen