mandag 26. januar 2009

Trinidad

Vi kom oss ikkje til Tobago. Det vart for tøft med motvind og bårer. Dessutan hadde eg gløymt kor sjøsjuk eg kan bli. Elia og eg prøvde å halde oss så lenge som muleg, men etterkvart måtte vi berre mate fiskane. Elia mata forresten heile teppet og tegnebrettet sitt også. Han såg ut til å ha det heilt fint og vi tegna bil, båt og katt på tegnebrettet. Maju sei elia og spyr. Båten går egentleg heilt fint i sjøen, men av og til får vi dissa berg og dalbane effektane med magesug. Stian gjekk det bedre med, og Steffen blir no ikkje sjøsjuk så dei styrte båten heile veien. Vi starta klokka 10 om morgonen torsdag, og ankra opp inni ei bukt på Trinidad klokka 3 om natta. Fredag morgon drog vi inn til Port of Spain for so å snu båten og reise tilbake en time der vi måtte sjekke inn i chaguaramas bay. Og vi får vist ikkje flytte so mykje som en centimeter på båten uten at custom folka har fått beskjed om det. Så då ligg vi her. Brødrene kjem ikkje før den 1 og 3 februar.



Stian og Steffen tok seg ein sykkeltur idag. Dei havna oppe på fjellet og fekk seg ein hærleg kalddusj frå eit lite Waterfall inne i jungelen. Deretter sykla dei nesten inn til Port of Spain og fann fiskebutikken som Stian har sett seg ut. Der var no stengt idag, men vi skal vist ta oss en busstur dit imorgo eller nokke sånt sei Stian.



Elia og eg var igjen i båten og laga oss pølsegryte. Ellers har vi funne vaskeri og det skal bli deilig å endeleg få vaska skikkeleg alle sengekleda og handdukane. Dessutan er det kjekt å handle på butikkane. Ein TT er litt over ei krone, så det er lett regnestykke og billeg mat.



Her er ikkje så veldig fint å ligge. Det er flott natur og slikt, men vi har berre brunt gjørmevatn og ingen sandstrender. Offdå...ikkje bra å bli bortskjemd på slikt. Men her er båtbutikkar og liknande, så kanskje vi skal få laga oss eit soltak her, og fikse litt småting inne i båten.



reidun

4 kommentarer:

Anonym sa...

hehe...Stian sei at ej må skrive ka TT e for nokke. TT = Trinidad og Tobago dollar.
ellers skal vi til å sjå en film og ej ska lage popcorn:)

Anonym sa...

Hei. Bare et lite tips, gå rundt halvøya og ankre opp på TTYA (Trinidad og Tobago Yacht Club). Der låg jeg i nesten en mnd. Mye mer stille og fint. Kjekt å lese om dere. God tur videre. Hilsen Astrid og Kjetil, Helgheim Lerstad

Anonym sa...

hei Astrid og Kjetil! takk for tipset. kanskje vi svinga rundt hjørnet og går inn til TTYA som du sei. de va du Astrid som låg der ja? korleis de går me dåkke der heime i Ålesund? nye seiltur plana eller he dåkke seilt frå dåkke? håpe de går bra med dåkke der oppe i kaaalde nord:) vi he akkurat komt att frå vill minibusstur til en fiskebutikk der Stian fann arg sen og anna fiskeutstyr. ellers he vi spurt om dei kan lage ett soltak til oss her. det blir kanskje bra.

Anonym sa...

onsdag 28 januar. oioioi....Stian klipte mej. Ej fikk en etterlengta dusj for no har vi masse vatn, og etterpå skulle Stian klippe vekk litt av håret mitt. Han klipte forsyne mej rett av hestehalen. så no rekk ikkje det ned til skuldrane en gong. æssdå, sa han, - det veks no ut igjen... Idag har vi vaska og fiksa litt småbåt. Steffen og Stian e sta å klatra i fjellveggen over sjøen og Elia og ej surfa på nett;)