mandag 25. mai 2009

615 nm left to Pitcairn

24. mai. 15.04 UTC
Posisjon: 21.08.82S
119.46.77W

Vi har blitt bortskjemde. Frå Galapagos fekk vi ein knallstart med mykje vind og etterkvart travle bårer. Ingenting stod stille i båten, og overmadrassa på senga seila elegant ned på eine sida, så vi låg i ein einaste stor haug. Vinden roa seg litt og det samme gjorde bølgane. No sitt vi her. Bortskjemde på fleire late dagar med roleg sjø, litt vind, orange soloppgangar og rosa solnedgangar. Vi har blitt solbrent og fått vaska kle, kosa oss med fiskebollar frå bunnpris lageret og andre godsaker vi har trylla fram.

Så vart det drit vær. Skikkeleg regn og vind i tryne og autopilot som ikkje funka og null sikt framover. Skal sei det var utriveleg på vakta mi igår. Vinden kom frå alle kanta og plutseleg styrta regnet ned. Vi kjørte igang motor, tok ned seil så dei ikkje skulle revne, og sette på¨radar. Ingen båtar å sjå i mils omkrets. Her er berre hav og hav, og hav! Og om natta; mørke faretruande skyer som ser ut til å ville ete oss opp. Ingen stjerner lenger. Månen kan vi berre gløyme. Grib fila og verrapportane på satelittelefonen varslar om uvær rundt Pitcairn. sånn ca 25 - 30 kn vind. Ikkje akkurat oppløftande. Vi er svært spent ¨på om vi i det heile tatt kjem til å klare å ankre opp ved øya. Ein positiv ting er at vi er langt frå øya endå. Vi kjem nok til å få ei utfordring i vær og bølger, men kanskje det har roa rundt Pitcairn når vi kjem fram.

Her om dagen hørte vi ett fæla rabalder, skikkeleg skrape lyd. Det var autopiloten som sa god natt. Stian satte igang og skrua, og fann fort feilen. -Her må vi ha nye delar Reidun, sa han. Oi, ingen autopilot før New Zealand? -tja, tjo, kanskje viss eg brukar litt epoxy så kan eg kanskje klare å lage nye tenne på tannhjulet, høyre eg Stian mumle. Som sagt så gjort. Stian hadde på epoxy på det utslitte tannhjulet, venta til det halvvegs størkna og ved hjelp av det andre tannhjulet pressa han tannhjulmønster i epoxyen. Voila! Nye tenner på gammal tannhjul! No tøffar vi avgårde for motor på rolegt hav og for augeblikket vindstille. Den stolte autopiloten med sine nye tenner, styrer skuta. Kor lenge det varer er noko usikkert, men vist vi begrensar bruken så har vi kanskje autopliot ei stund til. Vi har fått styrt litt alle sammen i nokre dagar no, då det vart for uroleg vind til at vindroret klarte å styre skuta. Det er sanneleg ikkje enkelt å halde rett kurs.

Om morgonane er det spesielt utfording for meg som har vakt frå 6 - 9. Elia våknar samtidig med meg og vil gjerne stå opp. Stian har vakt frå 00 - 03, så han vil gjerne søve litt om morgonen. Så då er Elia og eg oppe og styrer båten. Av og til spring eg fort ned og hentar brød, smør og kaviar, medan elia styrer skuta. - kan du svinge litt Elia? spør eg. Og Elia legg over det han er god for! Då det var mykje bårer, var det ikkje så kult å ha Elia oppe i cockpiten. Då er det godt å ha muldvarpen eller Noddy klar på datan nede i sofaen. Siv kjem og avløyser meg klokka 9. Ho har vakt fram til 12, så Stian og deretter Jan frå 15 - 18. Denne vaktordninga fungerar heilt greit, men viss oss no møter på mykje dårleg vær, så får vi vurdere om nokon skal søve i salongen klare til å hjelpe å heise eller reve seil. Ikkje enkelt å gjer det samtidig som en styrer skuta.

Når eg kjem heim en gong, skal eg legge meg rett ut på plenen heime på Hildre. Der skal eg ligge og kjenne at alt står stille. Med armane rett ut som om eg ville lage ein engel men manglar snø. Og eg skal vere heilt trygg. Ikkje vere redd for at eg kan synke mange tusen meter rett ned. Solid grunn som ikkje vinglar hit og dit, men som står stille. Ikkje bra å ha slike tankar, men dei kjem anten eg vil det eller ikkje. Det er skummelt ute på havet. Det er ingen enkel jobb. Ingenting står nokon gong stille og det blå havet har humørsvinginar rett som det er. Frå stille og koslege solnedgangar til høge bårer og kraftig vind.

No dei siste dagane har det gått veldig treigt med oss, vi har knappast klart 100 nm i døgnet. Vi kjører vel mykje motor, men håpar å møte på vinden snart. I følge værmeldingane kan vi forvente kraftig vind om nokre dagar, så her er det berre å surre fast alt ute på dekk og gjere oss klar for ein ny berg og dalbanetur.

- Reidun

Ingen kommentarer: