søndag 31. mai 2009

Ducie-Pitcairn, dag 1

posisjon:
24.57.1165 S
127.08.2284 W
klokka UTC: 01.47

Endeleg var vi komt oss til land. Ducie-øya var eit kjærkomme syn etter 20 dagar med berre hav på alle kantar. Stor var skuffelsen då det såg ut til at vi ikkje klarte å komme oss iland, men etter at vindretninga snudde heilt om og vi måtte flytte båten, fann vi ei lita lomme der vi kunne lure oss inn på stranda. Første turen iland gjekk vi til den enorme laguna og dykka der. Vi såg ingen giftige fiskar og heller ingen hai, men så var vi der heller ikkje så lenge for sikta var elendig i forhold til der vi låg oppankra. Tilbake i moodyen hadde vi på oss dykkerutstyr og medan Jan og Siv satt barnevakt, tok Stian meg med på ein fantastisk undersjøisk opplevelse. Frå båten svømte vi sakte nedover mot ankeret som vi kunne sjå langt der borte. Det var nesten som å vere på land for en kunne sjå utruleg langt bortover. Langt i det fjerne kunne eg skimte en stim på fem haiar som såg ut til å komme nærmare oss. Eg held eit godt tak i Stian og snudde meg sakte rundt, og der var det forsyne meg 4 haiar til! Ein var komt så nær at eg kunne sjå streken på auga hans. Då han hadde sirkla nokre gongar, trykte eg på buddy-ventilen min, medan eg pusta ut. Haien kvapp til av alle boblane som steig opp frå dette udyret og auka avstanden nok til at eg kunne puste roleg igjen. Dette er ikkje så store haiar, ca 1 meter, men eg har sett dei i aksjon og lukta dei blod så hadde dei vel angrepe uansett. Etterkvart såg dei ut til å kjede seg med dei nye framande elementa, og vi kunne begynne å studere korallane og fiskane. Det vil seie medan eg var opptatt med å telle haiar hadde Stian allereie oppdaga tre stokkanker frå eit gammalt vrak som han tippa til å vere 100 år. Vi såg ikkje mykje til vraket, men ankera var gigantiske og vi svømte rundt og tok mange bilder. Innimellom korallane kunne vi sjå mangefarga fiskar; gule, blå og raude. Nokre fiskar såg ut som brunspraglete korall heilt til dei bevega på seg og svømte vekk.

Vel oppatkomne i båten hadde Stian allereie fått blod på tann. Han ville sjå kor mange haiar han kunne klare å sjå på ein gong. Med harpunen skaut han en bunte fisk, knytte dei godt fast i ett tjukt tau og slepte det fort ned til botnen med eit anker. Med godt tak i stigen filma Stian heile matfesten på god avstand. Haiane vart elleville og storkosa seg. Etterpå skulle Stian gjere rein propellen og talde ca 35 haiar. Der iblandt ein på over 2 meter. Ein hai kom veldig nær og sirkla så mange gongar rundt Stian at han til slutt skaut harpunspydet inn i fisken. Haien vart drege fort opp på dekket og drept. Men fy for nokre seigliva dyr. Den sprella sjølv om Stian fjerna både matsekk og hjerte. Etter mykje arbeid fekk han flådd haien og Elia hjelpte til så godt han kunne. Denne filitering og rensingsprosess har Elia tatt meir alvorleg en vi har forventa. Då vi var på vei til Ducie fekk vi flygefisk på dekk og Elia spurte straks etter kniv. Han fekk ein vanleg smørkniv, men var tydeleg misfornøyd då han ikkje klarte å skjære gjennom skinnet. Det enda med at han fekk låne den skarpe frukt og kjøttkniven og sette igang med å filiterte flygefisken. Først delte han fisken i to og etterpå opna han opp og sjekka innholdet i auga på fisken. Det stinka fisk lange vegar og cockpiten var full i gørr, men det er ein fin aktivitet når ein treng variasjon frå barnebøkene og leikene.

Dagen etter (29.mai) vart det bestemt å starte på turen til Pitciarn. Men først skulle vi iland. Denne gongen gjekk Sitan, Elia og eg rundt heile øya. Elia i bæremeis, for det var ganske vanskeleg å fote seg på den steinete stranda. For å gi havsula ro der ho låg å ruga på egga sine, vassa vi ut i sjøen og fekk sandalane fulle i småstein. Langs heile stranda rundt øya fann vi mykje drivgods, deriblant ett 17 toms argt lavprofildekk på alufelg! men også mange blåser, flasker og diverse plastikkanner.

Rett før avgang måtte Stian dykke ein siste gong. Denne gongen kom han tilbake med ein gigantisk hummer! På overfarten hit var det konkuranse mellom meg og Stian om kven som kunne komme på det beste vi kunne tenke oss å ete, der loffskive med reker og majones vart høgt prioritert. No heiv Stian seg rundt, baka eit brød og serverte hummer med norsk majones på!!! Kjempegodt!

Så no er vi på vei til Pitciarn. Turen er på ca 300 nm og vil ta ca 3 døgn. Vi har flott medvind og seglar med 5 knops fart. Litt rulling må en regne med i slikt seilføre, men det går bra.

Det er heilt sprøtt at vi snart er komt til Pitcairn, den spennande lille øya som vekte eventyrlysta i meg for mange år sidan. Vi kunne ikkje ein gong finne den på kartet og der er ikkje så mange andre båtar som besøker denne. No har vi kryssa endå eit stort hav og evetyret har så vidt begynt. Vi gler oss til å sjå Picairn og håpar vi får anledning til å ankre opp og besøke øyas befolkning.

-Reidun

ps: tusen takk for dei koslege helsingane bror! skikkeleg spennade at dåkke tek paralappen. Stian sei vær forsiktig i lufta og vent på dei rette vindane:) litt synd og sei det, men det var artig at du var sjuk for då fekk vi mange morsomme meldingar på satelitten;) god bedring og kos dej i fineværet heime.

ps2: takk for advarselen om haiane, Lennuk! mamma og svigers vart vettskremt og sende eine satelittmeldinga etter den andre.... kanskje er wikipedia litt feilinformert? anten det eller så var haiane mette og gode då vi var der. Når det gjeld fisk, så har vi også hørt at det kan vere dumt å ete fisk som lever nært korallar. Ofte er dei giftige, så vi lar dei få svømme i fred, med mindre Stian vil lage haimat. Koreis går det med langturplanane foresten? Vi gle oss veldig til dåkke kjem ut i stillehavet!! Dåkke vil få ein uforgløymeleg tur og det skulle ikkje forundre meg om dåkke tek oss igjen. Her er så mykje fint å sjå og oppleve, kanskje finn vi oss ei ekstra spennande sydhavsøy som vi ikkje klarar reise frå, med det første?;)

Ingen kommentarer: