søndag 16. august 2009

2 veker i Fransk Polynesia

Då er det snart 2 veker sidan Andor og eg kom til Tahiti og til Good Mood. Stian hadde sykla frå marinaen til flyplassen og var der og tok mot oss kl. 04:30 om morgonen. Vi tok ein taxi tilbake til marinaen og til Good Mood som låg oppankra like utanfor saman med mange andre seilbåter frå ulike land. Då vi kom ombord fek vi først treffe Reidun, og etter litt vakna også Elia. Han var ein smule reservert i starten, men det gjekk ganske for over. Batteri-dreve fiskespel vart vel favoritten frå Norge, men ei lita bok om skilpadden Bolle Bask var også kjekk.


Etter eit måltid god mat og litt ulikt, tok vi ein buss inn til Papeete sentrum og fekk sjå oss litt rundt der. Vi gjekk litt i sentrum, var på marked og i båtbutikker, og kjøpte oss god mat. Ellers vart det ein god del bading, snorkling og dykking utover heile veka. Elia fekk litt feber fredag og laurdag, men søndag morgonen drog vi opp ankeret og reiste til øya Moorea rett vest for Tahiti. Vi ankra opp i utkanten av Opunohu-bukta og der låg også norske "Opportune" som hadde gått frå Tahiti eit par dager før oss, og om kvelden stilte Rune med grill og kokkekunst og vi hadde eit herremåltid under stjernehimmel og med parafinlykter på dekket til "Opportune" saman med Rune og Eva.


Også på denne øya vart det bading og dykking. Andor fekk vere med å snorkle og dykke på reva og sjå mange nye fiskeslag og også hai. Dei dykka også med surstoff-flasker på eit flyvrak som låg på botnen.

Det er ganske utruleg å kunne vakne før 7 om morgonen og gå rett på dekk og ete frokost ute i berre shorts og t-skjorte. Det er heller ikkje bruk for meir klede (helst mindre) for heile dagen, og du kan bade i vatnet kring båten eller på stranda når som helst utan at det er det minste kaldt.

Tirsdag kveld drog vi opp ankeret igjen og la kursen mot "NY ØY", som Elia seier, og vi segla heilt til midt på ut på onsdagen, men nokre timer før vi ankom øya Huahine, fekk vi oss ei stor oppleving! Stian som stod til rors reagerte spontant då fiskesnøret som hang i sjøen bak båten brått byrja å rase ut. Autopiloten vart kobla ut, båten blei snudd 180 grader, og styrt etter fisken. Stian byrja å bremse fisken max av det snøret kunne tåle, den svømte djupare og djupare, og stansa då det var kun 8-10 M igjen på snella. Der stod den lenge i ro før det var råd å byrje få snøre inn på snella igjen. Reidun som hadde lagt seg for å ta igjen litt søvn etter rortørnet på natta, var raskt på plass bak rattet og jobba iherdig med å manøvrere båten etter instruks frå Stian medan Andor gjorde klar ein stor klepp. Alle venta spent på kva som skulle dukke opp av havet, og det vart ein iherdiginnsats i 1 1/2 t. Både snelle og fiskar måtte kjølast med litt vatn no og då. SÅ kom den til overflata - ein stoooor Yellowfin-Tuna! Etter at vi hadde sett den i overflata fleire gonger, men den hadde sett fart mot djupet att, kom den endeleg så nært at Andor klarte å få sett kleppen i den. Undringa vart stor når vi fekk den på fiskevekta og såg at den viste 75 kg! Utruleg at vi gamlefolket skulle få vere med på å drage inn ein slik fangst medan vi er her.

No hadde vi berre 3-4 timers seilas igjen til Huahine. Vi gjekk inn i Puravay Bay og Stian og Andor tok Tunaen i dingyen og reiste inn til land for å prøve å få"levert" noko av fangsten. Karane kom att med 5000 Polynesiske Francs, ei trillebåre med bananer, kokosnøtter, appelsiner grape- og lime-frukt. Vi fekk også behalde nokre store stykker av fisken som vi har hatt fleire gode måltid av. Fisken var sikkert av toppkvalitet, for tidlleg neste morgon, like etter at vi hadde vakna fekk vi også levert ombord 6 ferske, lange baguetter til frokost og seinere på dagen endå meir frukt.

Andor, Stian og eg var også på ein fin sykkeltur medan vi låg i Puravay Bay. I dag, laurdag flytta vi båten rundt øya til Fare som ein liten, men største tettstaden på Huahine.

Hilde og Andor.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Hei. Det er alltid kjekt å kaste seg over nye reisebrev frå "uteseilarane" våre! No er dei blitt godt forsterka med foreldre/svigers i heten på hi sida av jordkula. Kan de forestille dåkke korleis det kjennest for ein lyst-fiskemordar å få servert DEN ultimate fiskedramatikken? - Yellowfin-tuna på 75 kg! - OAOOOW! Og dette no, når fiskebåten min står på land,- på tredje året!!!!! Nei no må den på havet! Dette kjennest uhumsk! For å forklare min tilstand, må eg kanskje (for enkelte) vise til kunnskapsforlaget si fremmedordbok om ordet/tilstanden - uhumsk. Dei fleste har vel fått med seg gourmet-kokken Arne Brimi sin flittige bruk av ordet "lugum" om noko særs tilfredsstillande. Dette ordet er synonymt med ordet humsk. Og når ein set u- framfor orda vert det motsett betydning. Då forstår de kva som riv og slit i kroppen min når slike historier kjem opp, og flybilletten overstig prisen på dyraste bilen eg har kjøpt! (-Båten og-forresten). Eg får vel få ut kveitelina, fortast mogleg. - "Håp i hengande snøre" - Helsing Einar

Pål Driveklepp sa...

Heilt rått!

Fiskeren sa...

Hei.
Noko til fiskehistorie, men dersom ej har funne rett i jungelen av stillehavsk valuta har det blitt kraftig lurt. Kun 4 kroner kiloen!! Sjøl om ej regner med fisken vart veid med sunnmørsk vekt, er det slett ikkje rart dei var godt nøgde med handelen!!

Unknown sa...

Du store min. Dette var saker. Det var vel på "min" krok og regner med at du spyttet godt på kroken før du heiv snøret uti. Vi ble kjent med en fra NZ - hadde fått en marlin på 550 kg og brukte 11timer - så det er håp i hngende snøre. God fiske lykke videre. Vi er på Tonga pt og skal til Vava'U på lør og da blir det hval tur med svømming med hval - en vi traff sa de hadde bare vært noen meter fra de svære beistene. Vi gleder oss. Kos dere videre og glem ikke å hilse til lillekaren

Mannskapet på Good Mood sa...

jepp! De var nok din sluk Jan;) men vi driv ikkje å spøtta på den. fisken lika den best uten spytt;) ;) Fikk mailen dåkka. Vi reise nok snart frå bora bora når det blir roligere sjø ute.