mandag 9. november 2009

Opua, New Zealand

-Kom og kjenn lukta, Reidun. Klokka er 02.00 og Stian prøver å riste meg våken. Eg sett meg halvegs opp i senga og gnir søvnen ut av augene før eg svarar med ett gjesp; -Kva lukt? Men han er allereie på vei opp trappa og ut. Eg lirkar meg laus frå Elia som ligg tett inntil meg fordi båten er så skeiv. -Så vi har visst seilvind endå, tenker eg og krabbar ut til Stian. -Kva er det for ei lukt du snakka om? spør eg igjen, lettare irritert og hutrar over den kalde vinden. - Kjenn! Beordrar Stian. Eg stikk haudet ut av cockpitteltet og ungår så vidt å få en sjøsprøyt i tryne medan eg sakte dreg inn lufta. -iiiiskaldt, sei eg. -Jammen kjenne du ikkje lukta? Med romantisk stemme syng han ut; Saudebæsj Reidun, Saudebæsj!! Har det rabla for Stian eller? Så kjenner eg det. Eimen av jord, skog og .....saudebæsj! -No er vi snart på NZ, Reidun. Vi klarte det! - Ja vi klarte det, svarar eg med eit smil om munnen. Stian innhalerar saudebæsjlukta og gliser frå øyre til øyre.

Det er min tur å halde vakt. Båten dansar seg framover og vinden bles temmeleg friskt. Eg får ei skive med Stian som eg et andektig for at den ikkje skal komme so fort opp igjen. Stian sovna fort der han ligg i salongen, sjølv om båten kastar og hiv på seg. I 3 tida har vinden auka på. 30 knop! Bårene blir større og av og til får vi ett dask framme i baugen så det smell høgt og ristar godt i skroget vårt. For en stor kontrast til dei forrige dagane, der vi hadde blekkstille hav og enkle vakter. Sjøen skiftar både form og farge, vanvittig fort. Eg kjenner at eg bør ligge ned, så eg stiller alarm på moilen og let tankane flyge langt vekk frå alt som har med båt og hav å gjere. Sjøverksterapi. Med ein gong Stian og eg startar ein samtale om dei heime, eller noko anna morosamt, så går det mykje bedre på havet. Det er særleg interessant å diskutere korleis det framtidige huset vårt skal sjå ut til dømes. Det er nesten som om vi er forlova igjen, og diskuterer korleis vi skal bo og slikt. Den største forkjellen frå då til no er at vi begge har sterke meiningar om korleis ting skal vere. -Komfort eller utsjånad? Sleng eg ut i lufta, der Stian sjølvsagt svarar utsjånad! Då er vi igang, sjølv om eg har ein mistanke om at han svarte nettopp utsjånad for å få ei artig meiningsutveklsing. Eg bryr meg lite om huset vårt ser ut som ett kråkereir, berre det er stor plass til masse besøk og ein god sofa som folk kan sitte lenge i. Stian skal ha mange garasjer. Minst 3, pluss en verkstad. Og han har forklart i detalj kva som som er i alle garasjane. hohoho....jammen blir et spennande om nokken år, korleis det ser ut heime med oss. vindmølle i hagen (eg regnar med at han snakkar om ei sånn lita pynte greier) og hest og kjerre på låven.

Ikkje alle gongar er Stian like grei å snakke med. -Prat om nokke, sei eg, lettare sjøsjuk. -Tja, det skal no bli artig å få vere med på en ny fødsel igjen, svarar han med eit breidt glis om munnen. -åfytti rakkern! Det er absolutt det aller siste eg vil tenke på no og aller minst prate om. Eg blir liggande å furte litt og syns synd på meg sjølv. Æsj, kva er vel en fødsel? Berre 12 tima med konstant pain og påfølgande dagar i smerterus. Fysj og fy. Men så kjem Elia der, med lysaste stemma si sei han; -mamma? ej e ga i dej! Då smeltar hjertet og eg vil plutseleg ha minst ti ungar til. Elia er berre heilt konge. Etter nattevakta mi brukar eg som regel å skulle søve litt. Det er ikkje alltid like enkelt for Elia å halde seg vekk frå soverommet. Her ein dag kom han inn og ville leike inne i hytta (under dyna). Eg spurte kva dei styra med der ute. -Såg stoo fugl! -Å, svarar eg, -kva slags fugl då? -Albatåss! Desse gigantiske fuglane er eit syn her ute. Dei svevar nært sjøen og treng latterlige få vingeslag for å halde seg på farta. Det er heilt komisk å sjå dei flyge ilag med andre vanlege fuglar. Albatrossane seilar majestetisk. Ein forvokst måse med ørnevinga. Elia har allereie gløymt at han skulle besøke meg, han vil ut og sjå albatåssen igjen.

Stian fann forresten feilen på autopiloten. Slark i kulelager, så det datt frå kvarandre. Eit strips var det som skulle til for at vi kunne kjøre siste innspurten til NZ, for motor og autopilot. Godt at det ikkje var meir seriøs feil.

Siste leverpostei boks er opna. Siste tomatsuppa er vekk. Makrell i tomat er det heller ikkje meir igjen av. Vi (les reidun) har spart og gjømt unna desse godsakane til spesielle dagar der det er ekstra kjekt med litt norsk input. No er det tomt, så då er det på tide å komme seg heim en tur. Dessutan er vi litt lei. Det har vore ei fantastiks oppleving til no, men vi treng å fordøye alt. Vi går altfor fort igjennom eventyret. Egentlig skulla vi brukt 3-4 år, berre her i stillehavet. Det er så mykje vi gjerne skulla sett meir av! Men no er vi klar for ei pause. Jobbe masse, få en beibi og la Elia få bli bedre kjent med familien sin heime. Etter eit år trur eg at vi vil tilbake og er klar for nye eventyr.

Insjekkinga på New Zealand gjekk som ein draum. Vi kom inn laurdag, slappa av og sov ut. Idag (søndag) har vi tatt syklane på land og skulle angiveleg sykle 5-6 km til Paihia. Etter første oppoverbakken protesterte bekkenet villt på den ugreie sykkelstillinga, så Elia og eg stoppa på ein barneskule og leika med apparata der, medan Stian sykla litt rundt og sjekka ut staden. Der er visst berre opp og nedoverbakka, samme kor ein skal, så det blir vel til at vi leige en bil ein dag. 100 kr for en dag er ikkje store summen. Då grur eg meg heller til venstre kjøringa. Huttetu. Eg får sitte i baksete ilag med Elia og late att augene, så Stian får konsentrere seg. Då går det vel bra tenke eg:)

Framover kjem vi nok til å sjekke opp prisar på lagring av båten vår. Dessutan vart Stian veldig gira på paraglidertur, då han såg slettene og naturen her på NZ, så eg regnar med at det blir litt fjelltura også. Det blir godt å få bevege beina etter mykje stillesitting i båt.

Her er veldig kaldt. Dei lokale spring rundt i shorts og genser, medan vi har på all ulla, pluss bukser og jakke. Kalde, kalde nordboera.

Obama og vi landar på gardermoen ca 10 des. Det blir stas å komme heim! Men først skal vi tette vindu, fikse kjøleskap og finne ein rimeleg plass å lagre båten.

Over og ut frå saudebæsjland,
-Reidun

1 kommentar:

Refleksjon på livsvegen sa...

Å så bra.. at dokke he fast grunn under føtene..
og kjem dokke samtidig med Obama blir det nok stas...
God tur heimover...