søndag 7. september 2008

La Coruna - Vigo



Reisebrev frå Bestemor i farta (for spesielt interesserte)

Endeleg var tida inne då eg kunne besøke Good Mood i Spania. Fekk ordna med ferie-dagar, men grudde meg litt for å reise åleine. Tenk så kunne Petter Sundnes bli med på ein tur, og billettar til La Coruna vart bestilt i ein fei!
Strålande flytur, men sjølvsagt kom ikkje bagasjen. - Tok buss frå flyplassen og inn til byen. Ein opplevelse!

Komne til båthamna, var det på med langhåra parykk og store solbriller, ville prøve å ''lure'' Einar – men dette var ikkje ei lita småbåthamn. Her var «ein skog av mastrer, av skrog ein mur» som det står i diktet. Fann ikkje Good Mood. Måtte fram med mobilen – Jau, Stian og Einar skulle komme på leiting - og Einar kjende meg på ganglaget, så då vart det gjensynsglede!

Dagen etter var det å gå på byen og kjøpe seg bh, truse og t-skjorte, mens vi venta på koffertane. Koseleg by. Ingen kan engelsk men snakkar rasande fort på spansk, som om eg skulle forstå noko av det. Beste bilda kjem aldri på trykk, er det sagt. De skulle sett meg då eg gjerne skulle kjøpe surmelk! Prøvde meg både på sognemål og fingerspråk og surt fjes! Enda opp med en pakke geitemelk – men den laga Stian nydelege pannekaker av dagen etter.

Fredag var det fleirtalsstemning for å seile til Vigo. Ein til to dagars seiling, og eg som blir sjøsjuk berre eg sit for lenge i ein gyngestol! Men sidan dette skulle vere min livs opplevelse denne hausten, så sette eg meg godt til rette i cockpiten. - Vi var ikkje komne langt frå La Coruna før vi møtte dønningar på to-tre meter, vinden var skiftande, så seilføringa var lita.

Men kvar vart det av sjøsjuka? Stian serverte varm spagetti med kjøttsaus mens båten gjekk på autopilot og seila inn i solnedgangen. Smaka fortreffeleg med etterfølgjande kaffi! Brått fekk vi auge på delfinar som leika seg i havet ikkje langt frå båten, elegante dyr.

Etter som landet kvarv, vart det meir og meir hav på alle kantar og nydeleg sol som seig i havet – Men kva var dette? Var det torden i det fjerne? No mørkna det meir og meir og brått var uveret over oss. Eg finn ikkje ord som beskriv denne fantastiske naturopplevinga. Først kom regnet, så lyn og torden, hav og himmel gjekk i eitt i eit einaste lysspel. Morilden dansa i bølgene rundt båten, og fiskestimar som kom og gjekk såg ut som dei var sjølvlysande!

Natta fall på og eg ville gå å legge meg, trengde ikkje lys, lyna kom så tett at heile rommet vart opplyst. Utruleg, men eg sovna likevel i full visse om at vi var i den Allmektige Gud si hand. ----
Klokka 10 laurdagsmorgonen seig vi inn i marinaen i byen Vigo, og Stian og Steffen, som hadde stått til rors heile natta, kunne ta seg ein velfortjent kvil.

I båthamna i Vigo hadde einkvan trena opp ein diger delfin til å lage lydar og hoppe høgt, ta med seg båtlina på nasa og såleis helse på nye seilbåtar som kom inn i hamna til stor moro for Elia og dei som filma.

Ungdommane ombord fann raskt ut kvar det var mest spennande å fare, så dagen etter gjekk seilturen til øy- gruppa Cies Islands. Ankra opp i ei bukt utafor hovedøya. Gutane for på oppdagingsferd og fann plassar å dykke og ei nydeleg badestrand. Dagen etter vart vi alle frakta inn til badestranda med gummibåten og åt middag på en fin restaurant der. Etter denne fine soldagen vart neste stopp Cangas, ein mindre by ikkje langt frå Vigo.

-----------

Ei anna historie, men som er like spennande, er korleis mannskapet har takla å ha så mange personar så tett innpå heile tida. Her har vi overnatta og fått gode måltid, seks vaksne personar pluss vesle Elia på eit og eit halvt år! Reidun reier opp sengar kvar kveld og skapar det om til opphaldsrom om dagen, kvar ho gjer av alt, er for meg ei gåte! Ut frå vegger og golv tryllast fram gotteri og matvarer, og vips, er bordet dekka til seks.

I ledige stunder, underheld Steffen og Stian med halsbrekkande akrobatikk, frå sit-ups i leideren til salto i sjøen! Vesle Elia apar etter så godt han greier, til stor moro for alle som ser på!

Det likaste er at dei seier det var kjekt å ha besøk, - så hermed er ide'n gitt vidare til andre som har lyst på ein aldri så liten seiltur. -

Tusen takk for meg!

Bjørg

1 kommentar:

HildeD sa...

Dårlig gjort å bære legge ved bilder av Elia med solhatt. Rykta sei at han har fått ny sveis! Helsing farmor