tirsdag 12. mai 2009

11 Mai - Stillehavet

Dette er egentleg galskap. Veret er flott og vinden skubba oss framover. Havet er roleg, ein kan av og til kjenne at det gyngar litt uroleg, men ellers er det taktfaste bevegelsar i båten. Vi får fisk og et den til middag. Vi legg puslespel, syng ein trall og leikar med Elia. Ingen er forsåvidt sjøsjuk.

Men eg synast likevel at det er ett snev av galskap i heile opplegget.

Det er tre, nei, kanskje fire veker, til neste gong vi skimtar land. Viss oss då skulle vere så heldig å komme oss frå båten og inn på øya. Vist ikkje, så er det ei ny veke til neste øy. Heilt tullete. Kva ialleverden er det som får oss til å tru at vi kan klare dette? Kunne vi ikkje berre fått oss nokre feite jobbar begge to, hatt eit år eller to fri og tatt fly frå øy til øy i stillehavet. Då hadde vi likevel fått oppleve dei berømte sydhavsøyane. Istaden sitt eg her, i ein liten båt, med hav på alle kantar så langt auge kan sjå. Det er mørkt og det er kaldt. Riktignok lyse månen rund og blid. Dessutan skimtar eg ei stjerne her og der bak skyane. Vinden bles frå sida og vi har nesten perfekt kurs. Grunn til at oss ikkje har heilt rikti kurs er fordi eg ikkje veit korleis eg skal trimme seila rett. Akkurat no fungerar det slik som Stian stillte vindror og segl. I går kveld skulle eg vere flink å prøve meg fram aleine og segle. Det enda i at eg var på vei tilbake mot Galapagos, heilt motsatt retning! Etter å ha kjempa med seila, dratt dei inn og ut igjen fleire gonga, starta eg motoren og las ei bok. Det var uansett ikkje lenge til vaktskifte, så då kunne neste mann få plagast.

Off. No slår storseglet hardt og bråkar fælt. Vi har litt lite vind og attpå til kjem han litt for mykje bakfrå. Stakkars folk som prøvar å søve nede. Æsj. Kanskje eg må justere litt på vindroret. Nei, no vart det fin bør igjen, eg ventar litt.

Vi er på starten av ei laaaaang reise. Alle kommentara om kor langt vi har igjen, er heilt unødvendige, eg vil helst ikkje vite slikt. Det hjelpe vel heller ikkje på humøret at det stinkar bæsj over heile båten. På Galapagos kom vi ikkje unna den diareen som hærja. Stian, Elia og eg skit i femte veggen. Jan har ikkje fått sjuka for han er doktor. Siv er ferdig for lenge sida, då ho fekk den på Galapagos. Dei sitt for det meste ute og trekke frisk luft. Kan ikkje klandre dei. Heldigvis er dei snill og latar som ingenting når fiselydane får uante høgder, og dritlukta frå do sviv igjennom båten og etterlet seg ein trasig odør. Båten er ikkje stor nei. Vist nokon trudde at vi var ombord i eit stort cruiceskip, der ein kan gøyme seg på mange rare plassar, må ein tru omatt. Sofaen inne er full av proviant og ikkje sittande i. Som Rune på Opportune sa; dåkker har nu ødelagd salongen dåkkers. Han var innom for bilde bytting og vi måtte sitte inne pga umuleg å bruke pc ute når sterk sol. Vi fekk no rydda en plass i den eine salongdelen, men det er ikkje rare stua å invitere gjestar inn på. Måltida må alltid etast ute. Når fire voksne og en liten gutt skal sitte i den lille cockpiten vår brukar vi å bytte på å få sitte styrbord eller babord side. Når vi seglar skarpt hellar båten ofte kraftig over på eine sida. Når det då i tillegg kjem ei høgare bølge og skubba båten endå meir skeiv, er det ikkje fritt for at middagen seila elegant av fatet og ned i fanget. Det er derfor ikkje så lurt å skifte kle. Dei blir berre skitne likavel. Dessutan er det mykje salt i lufta. Til fortare vi seglar skulle ein tru at vinden bles båten rein og tørr, men det motsatte skjer. Saltføket står om ørene på oss og gjer klea stive og kleimete. No har eg ikkje dusja på ei veke, så imorgo blir eg vel heven på sjøen. Hai eller ikkje hai, eg stinkar vel så gale at han ikkje vil ha meg. Det skal bli deilig med eit bad. For ikkje å snakke om ein ferskvandsdusj etterpå, for å få ut verste saltet i håret. Der har vi ein stor fordel, watermakeren. Den lagar trufast reint og godt drikkevatn til oss, og det tilogmed frå sjøen! Ikkje saltsmak lenger no når vi fekk bytta membranen. Stakkars brødrene våre når dei var på besøk. Vi tvang dei til å drikke vatnet som vi var vand med og sa at litt saltsmak gjorde berre godt. Doktoren og frua var dei som fikk oss til fornuft då dei spytta ut prøvesmakinga og fortalde om faren ved for mykje salt til lille Elia. Vi enda opp med å bestille ny membran, då Stian sine forsøk på å fikse watermakeren mislukkast. No har vi bedre vatn en vi nokon gong har hatt og vi slepp å vere redd for at Elia får i seg skadelige mengder salt.

Her om dagen var såg vi ein flygefisk på dekk. Den var inntørka og Elia ville leike med den. Han stod i cockpiten og sa omigjen og omigjen, hest! Heste! Heste!! vi gjetta på at han trudde det var ein havhest og retta han og sa -nei, flygefisk Elia. -heste, sa han. hm. -Hesten? Spurde eg. Nei sa han og gjenntok -hesten! -vil du hente flygefisken? Spør eg. Og han svara sjølvsagt -hesten!Det går nokre sekund til før eg oppfattar kva han vil. Ååå, så klart, så klart; VESTEN! Gutten trengte å ha på seg vesten før han gjekk ut av cockpiten og henta flygefisken. Det er det som er regelen også, ikkje ut på dekk utan vesten. Treige mamma! Heldigvis forstod ho det tilslutt:)

Å komme seg frå Galapagos skulle ikkje vere så enkelt som vi trudde. Vi kom oss ikkje avgårde før onsdag morgon. Passa måtte stemplast med einaste stempel på øya som vistnok var opptatt i forskjellige ærend på flyplassen og omegn. Bananklasa som vi hadde kjøpt til avfarten hadde modna og vi delte ut gule bananar i hytt og pine. Heldigvis fann Stian ei ny klase på 30-40 gønne bananar. Desse har vi stua ned i rommet ved sida av syklane og håpar at dei forlir grønne i ei veke til.

Når vi no er på Galapagos, så har vi hørt mykje artig om ei postkasse som står så ensom på ei av desse øyane(Isla Santa Maria). Vi gjekk derfor dit onsdag saman med To Fluer og ein anna nederlandsk båt. Poskassa var ikkje fullt så ensom som vi trudde. Riktignok stod ho mutters aleine og på samme plassen som den stod på i 1792, då den vart reist til bruk av sjøfarera, pirata eller i seinare åra seilfolk. Nei der var fullt i turista og sinte guida. Vi var ikkje før komt iland, før vi fekk ein ugjestmild mottakelse av eine guiden som sa at vi kunne berre ha oss derifrå, - i am not giving you a minute, som han sa. Vi spurde så fint om vi kunne få poste korta våre når vi likavel stod her rett ved kassa og ta nokre bilder. - leave this area or i will report you!, var svaret. Grunnen til fiendskapen var den åleine at vi ikkje hadde betalt i dyre dommar for ankringstilatelse og dessutan måtte vi ha med guide for at vi i det heile tatt skulle få sjå postkassa endå den stod 50 meter frå stranda. Turistane som guiden hadde med seg frå dei små cruiceskipa sine, hadde antagelegvis betalt opptil 10 000 kroner for litt mindre enn ei veke ombord. Guiden gjekk vidare med følget sitt, vi tok bilder i full fart og To Fluer posta ett kort til Kongen! Då vi kom tilbake til gummibåtane og skulle drage dei ut i sjøen, vart vi oppmerksom på ein anna guide som med dårleg skjult kamera på magen filma og tok bilder av oss! -you are breaking the rules!, sa han. Jaja, vi kom oss ut i båtane. To Fluer ville gjerne starte turen vidare mot Påskeøya, så dei letta anker og tok farvel. Stian var meir gira på å vente til guidane hadde forlete området og ville ha seg ein tur på fjellet. Der skulle forresten vere ei spennande grotte å undersøke ikkje så langt frå postkassa.

Det vart verken fjell eller grotte på oss. Guidane tok bilder av båten vår og la seg til for ankers over natta, ved sida av oss. Om morgonen var der dessutan komt mange fleire båtar, og då vi syns den eine var litt liten til å inneholde turistar i, drog vi opp ankeret og var vekk då sola stod opp. Ikkje kult å komme på svartelista over båtar som ikkje kan reise til Galapagos. Viss det då fins ei slik liste. Det er uansett lenge til neste gong vi kjem dit. Ein skulle tru at fattige langturseglara skulle få spesiell invitasjon til å besøke nasjonalparken. I bunn og grunn har vi betalt ganske mykje for å i det heile tatt komme oss hit. Som plaster på såret var vi ikkje komt langt frå øya då vi plutseleg fekk auge på ei stor mantarey eller djevelrokke. Stian styrte rett opp på sida av den, slo av motoren og hoppa i sjøen med camera rundt halsen. Utruleg nok lot den Stian ta bilder og filme medan han svømte en tur under den store rokka.

No har vi segla i 2 dagar i open sjø. Det er rart kor forskjellig havet er frå dag til dag. Skulle tru det såg likeeins ut, men jammen skiftar det ikkje både farge og form, heile tida. Nokre dagar er havet rolegt og jamne bårer, medan slik som no er det meir vinglete og sprutar rett som det er over dekk.

Pause. Dag 4.

I går skulle eg liksom bade. I frisk bris og i tullete sjø? Det vart det ingenting av. Elia var litt sjøsjuk og det samme vart Stian ut på kvelden. Vi blir kasta hit og dit og det er ikkje så veldig gøy. Einaste lyspunktet er at det går so det susar! Igår segla vi 160 nm på eit døgn. Ikkje verst.

Akkurat for 10 min sida måtte eg ned og høyre kva Elia ropte på meg for. Stian søv, han har vakt kl 00. Eg hadde nettopp pussa tenne, skifta bleie og lagt Elia. Så hadde eg drista meg til å ha opp vindusgluggen på badet vårt for å få inn frisk luft. Tabbe. Elia hadde nettopp fese og putta litt sprutbæsj i nybleia som eg sjølvsagt måtte skifte. Og når eg står med haude ned i senga hass høyre eg eit smell og vannspruten står inn gjennom vinduet. Det vart vått ganske langt inn på golvet på soverommet vårt og på en del kle. Skikkeleg fulltreffer bølge! Ein anna dag han satt og ropa og eg ikkje høyrde han, så kom Stian fram med ein orange gutt. Då hadde han funne den nye målinga som eg har kjøpt til han frå galapagos. Orange gutt i ei orange seng.

Vanvittig tullete dinna turen her. Midt opp i det heile, så er det ikkje så gale likevel. Berre fullstendig sprøtt. Jaja, vi er no ikkje av den sartaste typen, så dette kan kanskje bli morosamt å sjå tilbake på. Akkurat no er det ikkje morosamt. Ein leve i ei uvisse som er ubehageleg. Samtidig så er det ein del av gamet – netopp det at ein ikkje veit kva morgondagen byr på og at ein må forberede seg på forskjellig. Eg angrar på at eg ikkje tok den dusjen då det var litt rolegare. Det kan gå nokre dagar før denne sjøen har roa seg ned igjen. Eller kanskje ikkje, kanskje den blir speilblank imorgo og vi luffar oss treigt vidare. Tvilar, men det er no likevel spennande å finne ut.

Ps: tusen takk for rapportar heimafrå! Vi sett stoooor pris på meldingar på satelittelefonen:)

ps 2: Karane her er heilt frå seg over at eg ikkje har skreve noko om fiskane vi har fått/ikkje fått;) det har no blitt en tre – fire doradoa, nokre har vi ete og andre har vi sluppe ut igjen. Ellers fekk vi en gaaanske stor Blue Marlin! Vi var så heldige at alle såg samtidig når den hoppa høgt opp i lufta og sleit av godsluken til Jan! Spektakulær opplevelse! (Stian er fortvila over den manglande innlevelsen i fiskehistoria. Jaja, dei som vil lese meir om den kan kike på www.janogsiv.no :)

Ps 3:Vi reiste torsdag 7. mai frå Galapagos, postkasseøya og idag er det mandag 11. mai.

Posisjon vår: 06.53S og 98.04W

Det har blitt ny dag og mykje behageligere på sjøen. Stian har akkurat putta brøddeig i ovnen og det luktar godt! Idag blir det bading! Hærli!

-Reidun

2 kommentarer:

S/Y Lennuk sa...

Havet! Det høyrest godt ut. Gledar meg til å heise klutane og komme etter. Anne er stor og me ventar ei lita Liva når som helst (termin starten av juni). Eg har ansvar for middag i dag og har veldig lyst til å servere flygefisk, men det får bli mot slutten av året.
-SY Lennuk

Inger Johanne sa...

Heia Good Mood!!! Håpe det går bedre med diare-businissen. Artig å lese om postkasse-eventyret. Sakna dåkke alle tre. Må Gud velsigne dåkke!
Inger Johanne