torsdag 3. desember 2009

Whangarei

Skal vi liksom ha 10 ungar til? Neppe, niks. Stian og eg var smårbarnsforeldre for alvor igår. Til no har vi hatt berre snille og rolige Elia, og tenkte at vi kunne hjelpe desse naboane våre, så dei kunne gjere seg ferdig med pakking og ordning av alt som skal ordnast før dei flyg heim til Nederland i dag. Boaz, Daniel og Joel kom over i båten vår 9.30, og vi passa dei til 17.00. Av desse timane søv dei 3 kvarter... Stian og eg bytta på å passe tvillingane og dei store slåstkjempane våre. Elia og Boaz har etterkvart blitt varme i trøyene og er ikkje alltid like glad i kvarandre;) Daniel og Joel (1-åringane) var derimot mykje kjekkare og leika seg fint i salongen. Good Mood er ikkje så stor, men no vart den veldig liten, då alle desse karane skulle underhaldast. Det morsomaste var likevel når vi gjekk på leikeplassen og folk sperra opp augene av alle ungane våre og den store magen min! Flerie stoppa opp og spurte etter alderen på dei skjønne tvillingane mine;) Stian, Boaz og Elia for høgt og lavt, eg veit ikkje kven som hadde det mest gøy i leikestativa.

No skal vi flytte båten, kjøre den inn på grunna på flo sjø og fortøye den til pålar. Der skal den får stå idag medan det fjørar, så kan vi skifte bunnventil, sjekke skroggjennomføringar og bytte sink. I 21-tida ikveld er det flo igjen, og vi kan gå tilbake til Marinaen. Spennande!

-Reidun

4 kommentarer:

Mannskapet på Good Mood sa...

Då er båten på vatnet igjen med 2 nye skroggjennomføringar og litt meir sink. Det gjekk veldig fint å fortøye båten på flo og jobbe på fjøre sjø. Billig alternativ til å bruke kran. Var litt nervøs ei stond fordi eg fann ikkje igjen den nye skroggjennomføringa som Elia hadde leika med. Dukka heldigvis opp i tide.

Per sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Per sa...

Flyge partaglitter? hihi!

http://www.youtube.com/watch?v=bWBq51HCdSM

Reidun sa...

haha.. so du fekk lagt ut en lite lovlig film på youyube? Stian he no ikkje på sej motorsykkelhjelmen sin, og de burde han absolutt ha til forbilde for både liten og stor;) du får ikkje fleire filma me mej;)
Ej trur Elia sei padageide;)Og han vil gjerne prøve han også, men ej he sagt han får vente litt.... (til en dag ej ikkje ser på, kan ikkje risikere fortidlig fødsel)Neida, ej trur nokk de snart blir lufta på gutten også, han digga å sjå på når pappan dreg skjerm!