mandag 4. august 2008

DOVER

Fra Harwich til Dover fekk vi en flott tur med ei fantastisk utsikt over klippene langs med kysten. Inn i den enorme havna kunne vi ankre opp og ta kvelden. jammen blaste det friskt etterkvart. og følgande dag lag vi bere å rulla og krenga frå side til side. Her var det vi skulle lære meir om kor langt stian kan tøye grensa til kona si. Ho ville sjølvsagt inn i havna, men den kosta no masse peng, og mannen he no førsteklasses kjempetongt anker med masse ekstra blylodd og eg veit ikkje kva, så baten skulle ligge heilt nydli samme kor det blaste. Dessuten fekk vi ekstra sjøverkstrening!!! Huttetu sei bere eg. I tillegg til dette skulle Stian prøve seg pa ett aldri sa lite stunt å komme sej inn til land med jolla! kjære vene. Og kona måtte sjølsagt bli med sa han, var ikkje bra å sitte fast i den dansande båten heile dagen. Først prøvde Stian å få inn Steffen. Eg burde ane uråd då han kom att klissvåt. Store dønninga inn på ei bratt strand gjorde sitt til at båten nærmast kvelva. Så stian ville ta en anna vei med Elia og meg. Joda.. han fann en anna plass, og vi kom oss nesten tørrskodd på land. Men kvar skulle vi komme oss ut av ditta innegjerda omrade? Stian for tilbake for a hente pappa og Elia og eg vandra langs med ett gjerde for å finne utgang til vi traff på en aldri so lite forundra politimann som spurte: are you lost? where do you come from and where are you heading?... Då eg svara at eg skulle på the beach, såg han ut til a trekke på smilebande men prøvde å holde maska. Det viste seg at Stian i sin iver etter å finne ei stillere ilandsetting til meg, hadde sett oss av på plassen der den hurtiggåande ferga går veldig ofte mellom england og frankrike. Selfølgelig kunne ikkje vi gå iland der , vi kunne no like gjerne bli nedrend av dinna speed katamaranen. Det var like før eg spurte om ikkje han kunne gi Stian ei klekkelig bot når han kom tilbake med pappa.. Enden på visa vart no at vi alle kom oss på stranda etterkvart og sjekka ut sentrum av Dover resten av dagen.
Etter endå ei natt med gynging og bråk fra kjetting og daumann, vakna vi til festival og race competition. og det mest morsomme med heile greia var at der kom en båt og spurte om vi ikkje kunne flytte oss inn i havna for dei trengte plassen vi låg på til race løpet!! hehe... gjett om ei var glad då.... Så vi gikk alsta inn i havna igår og har vaska kle til den store gullmedalje med maskina mi og hamstra inn mat og Elia fikk springe frå seg på land. Dessutan traff vi en anna langturseilbåt! Tempest ligg desverre med motortrøbbel her i havna. I motsetning til dei som har truffe mange norske langturseilarar allereie, var dette første baten vi har truffe. Det var kjekt.

Vi hadde tenkt å gå videre i dag med det var for mykje vind så vi må gå i morgå. stian er veldig utolmodig etter å komme seg videre.

Reidun

Ingen kommentarer: