onsdag 13. august 2008

Mylor

Slik ser det det ut frå båten min idag. Mannfolka har tatt jolla inn til kaia, medan Elia og eg vart igjen i moodyn. Han søv middag og eg surfa på nett og legg inn litt bilde i galleriet og slikt.

Det var igrunnen god stemning ombord igår kveld, då vi hadde lasta ned værmelding og bestemt oss for å reise torsdag/fredag, men stemninga vart drastisk endra då ny værmelding kunne fortelle om endå to lavtrykk som kjem kastande på. Mannfolka he makk og vil ut, medan Elia og eg held igjen så godt vi kan.. Der er no både kjempestore bårer der ute og etterkvart mykje motvind så vi vil heller vere i Falmouth. Vi har litt kontakt med Tempest karane som ligg i Plymouth, og dei vil også vente, og sjå været an. Veldig bra for meg:)

Det nye vi har snakka om no, er å kanskje gå til Brest i Frankrike. Vi får sjå. Uansett kjem eg til å sei ifrå før, og når vi eventuelt reise her frå Falmouth.

Dagane ombord går med til boklesing, musikk lytting og utforsking av korleis halde seg iform ombord i en 42 fots båt. Steffen er ivrigast på denne nye hobbyen. Då vi var ute og seila langsmed England likte han spesielt godt å forsøke å ta armhevingar halvegs oppned, når vi seila og båten låg skikklei skeivt. Det er hardt å gå frå fleire tima med fotballtrening i veka til å sitte still og bære late seg dagane lang. Etter vi gikk frå Falmouth for å ankre opp i Mylor, så sprang Steffen og Stian på land og jogga seg en lang tur i regnværet. Dei har no heile tida dreve å sagt at dei har lyst å terge oksar(!), og det vart det gode sjangsar for no. På vei tilbake til båten tok dei en anna vei og havna inni ett gjerde med mange oksa. Og gjett om dei fikk springe! ikkje så høg i hatten då, når en flokk oksar kjem settande for å helse på dei to kjempetøffe(!) sunnmøringane. Ved enden av marka tok Steffen ett godt tak i gjerde og slengde seg over. Etterpå oppdaga han at det var ett piggtrådgjerde og at han klarte å treffe med hendene midt på piggane. auau..

Eg skulla gjerne sett det. Eller kanskje like greit at eg ikkje gjorde det, så kan vi leve i trua på at det var oksar dei terga og ikkje en søt liten flokk med melkekyr.. :)

Elia har forresten oppdaga korleis han skal pumpe doen. Han vil også trene skjønna dåkke, så no får pumpa virkeleg gjennomgå. Men å sitte på potte, nei det er for kjedelig. Heller tisse i bleia endå. Og så har han fått seg våtdrakt! Tøffaste gutten i verden no! Då han prøvde den på vart han bære ståande å undre seg over drakta. Prøvde å få tak i tisseluren, men det var ikkje lett sjølv om bleia mangla. Så no blir det nok bading i sjøen etterkvart.

Vi kjem til å ankre opp i den første bukta som vi låg før byen Falmouth. Eg reknar med at det blir middag når karane kjem ombord igjen, diesel fylling og so tøffar vi oss ut.
alltid kjekt å lese når nokken skriv litt til oss. Tusen takk for mail! Vi savnar folke heime og likar godt å høyre korleis det står til med alle!

over og ut, reidun

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei!
Måtte berre "surfe"litt etteratt eg var ferdig med jobbraporten, bra eg var ferdig med den, for no ser eg ikkje å skrive...ler så tårene trillar!(dei trillar no lett på meg), men kvar hamna Stian då stutane var etter dei? Derom tier historien?
Ja,ja, håpar ikkje det set seg betennelse etter piggtråden, då lyt du fram med Allianse apoteket ditt!
Helsing til alle saman frå Bestemor i farta

Anonym sa...

hei til alle dokke! Ej har netopp sett føre mej stian og steffen springe for full maskin aa kan godt forstaa at dei er rastlause ombord. Hehe... Kult aa lese alt du skriv soster. Du er flink aa skrive og ej ser for mej alt som blir skreve. Lykke til videre. God tur fra england og utover. Klem per haavard

Anonym sa...

Tenker på dåkke. He vøre mykje opptatt i det siste, men får med meg litt av det som skjer med dåkke. Ha det kjekt i Frankrike! Skulle gjerne reist nedover me Bestemor i farta for å møte dåkke, men de får bli med tanken denne gongen, tenke ej. Gal i dåkke, og Gud vere med dåkke. Trur ej kjem til å sende et bibelvers av og til. Ej leita ette nokke me råd for jaging av stuta, men det fann ikkje ej, så ej får komme sterkare tilbake neste gong...