fredag 11. september 2009

Aitutaki - Cook Island

Ville berre sende ei lita melding og sei at vi har komt fram til Aitutaki. Her ligg Opportune og vi oppankra utanfor øya. Litt lite dønningar (desverre for oss som vil halde sjøsjuka i sjakk) så vi kjem vel til å bevege oss vidare i morgo eller laurdag. Det er vist meldt ein god del vind framover, så vi får god medvind til revet som ligg ca 5-6 dagar frå oss no. Opportune vil gå samtidig som oss, så det skal bli spennande å prøve å få til å segle med samme fart.

Siste delen av turen hit gjekk forholdsvis greit. Lite vind og tøffing for motor. Baka brød og åt norsk kvikk lunsj(!). Det siste var ikkje så særleg lurt. Eg trudde eg var frisk, men var uggen resten av dagen pga den tilsynelatande gode oppsparte kvikk lunsjen.. Kombinasjon bølger, lite søvn og sjokolade er vel ikkje det smartaste ein gjer.

Så blåste det opp frisk vind frå sør og vi fekk ei heilt anna seilføring. Resten av turen hadde vi skeiv båt og ei fart på 7 knop. HUHEi kor det gjekk, vi dunka oss framover mot bårene og suste gjennom vatnet.

Siste natta var det måneskinsnatt med mange svarte skyer overalt. Det rare var ei merkeleg sølvfarga bue som strekte seg i ein halvsirkel framom båten. Eg trudde ikkje det gjekk an å sjå regnbue midt på natta. Nydeleg syn!

Mange har spurt meg korleis Elia liker seg på havet. Fram til no har han ikkje snakka så mykje men her ein dag sa han at han ville vi skulle ta båten til Norge, til farmor og farfar. -Oi det er langt dit, svara eg. -Vi kan kanskje ta fly og besøke dei først. Han kan umulig ha det kjekt når han er sjøsjuk, og der er mykje energi i kroppen som ikkje får fritt spelerom i ein liten båt som vuggar hit og dit. Når vi kom opp på sida av Opportune og skulle ankre opp, var Elia så glad at han kom med eit gledeshyl! Og når vi skulle ete mat klarte han ikkje sitte stille, men måtte hoppe opp og ned i den no stilleståande sofaen. Det er tydeleg at Elia likar seg best på land. Når det er sagt, så er det ikkje alltid like vinglete på sjøen, og vi har det veldig kjekt med å lese bøker, sparke fotball (!) og leike med dyra. Vi har mamma ku, pappa okse, storebror kalv og lillebror kalv. Pappa oksen er den som kikar etter ny øy og har lyst på kokosnøtt. Mamma kua er den med puppane(!) som kalvane er veeeldig glade i. Her får dei melk rett som det er. Storebror og lillebror kalv er veldig opptatt av alt muleg rart; frå å halde seg fast når det kjem ei stor bølge til det å leike med dei andre dyra. (gåsa, katten, hunden, hestane, kyllingane osv)

Stian har allereide hatt på seg våtdrakta og hoppa ut i sjøen, utstyrt med kamera og harpun. Rett før han hoppa ut kom der 3 store kvala og svømte forbi bak båtane våre. Flott syn. Dessutan har vi sett skilpadda Bolle Bask! Ikkje berre ein, men mange gongar! Her er mange skilpadder og vist nok mange knølkvala. Er det nokon som veit kva knølkval heiter på engelsk foresten?

-Uansett, so long frå Reidun

ps: Petter; vi fikk berre den eine meldinga di. av og til vil ikkje satelittelefonen sende når ein skriv med 160 tegn. prøv mindre tegn og då blir den sendt. Plommesylte med fløyte hørtes deilig ut!! Vi gle oss til jul!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ein liten kommentar til Reidun sin beskjed ang satellittmeldingar. Det ser ut til at "Systemet" gjer Æ Ø Å om til f.eks. ae,oe og aa,og det vil føre til at meldingar fær fleire karakterer enn det det ser ut som! Hilde

Anonym sa...

Ohoy Good Mood! Knølhval heiter HUMPBACK WHALE på engelsk. Kysten langs Australia er smikkfulle av dei på denne tida da dei er på veg nordover mot varmere vatten. I forride veke ble der talt over 100 stykker uten for Gold Coast Australia. Hilsen fra Arild, Surfers Paradise