onsdag 10. desember 2008

Reidun si nattevakt

Eg gruar meg. Klokka er 04.22 og vi har hatt vaktskifte. Steffen har gått og lagt seg, medan eg sit igjen her ute, mutters åleine. Nesten åleine. Den kjekke månen som lyser so fint på himmelen, har tenkt å svikte meg snart. Det samme skjedde forrige natt. Typisk. Og det er dette eg gruar meg til, det kjem til å bli bekmørkt. Fullstendig ravnsvart, og umuleg å sjå forskjell uti horisonten mellom hav og himmel. Dei andre båtane som ferdast ut på havet , er forholdsvis enkle å sjå når dei har på lanterner. Nei, det er ikkje båtane eg er mest bekymra for. Eg likar ikkje desse plutselege, mørke skyene som har med seg ein kraftig vind og veldig mykje regn. Squalls heiter dei vist. Dei kjem brått, hærjar vilt og etterlet seg kaos. Vist ein er virkeleg treig å reagere og alle seil er ute, ja då kan ein risikere at ein står igjen med filler.Vi har ikkje opplevd så mange slike squalls, einaste gongen var då vi hadde sånt ett dritvær med masse regn og vind og stor sjø. Då gikk det greit, for vi hadde så lite seil ute uansett.

Eg er ikkje redd. Kanskje engsteleg, men ikkje redd. Eg har vore sint, sur, glad, letta, søvnig, varm, kald, overaska, spent og klissvåt på vaktene mine. Av og til har eg eit temperament som ikkje lignar grisen, så største utfordringa mi her ombord, er å halde det i sjakk. Stian har ikkje kasta meg på sjøen endå, men eg trur han har hatt lyst fleire gonga. Båten er så liten og dagane blir grusom vist ikkje eg er snar å be om unnskyld etter ei eller anna fadese. Det kan vere så liten bagatell som til dømes seilføring. Når vi seglar slik som no, medvindsseglas, blir det veldig mykje vugging hit og dit. Vist ein skal lage mat, så havnar den mange gongar i golvet. Pannekakerøre, sukker, melk, frokostblanding, brød eller syltetøy, er noko av det som har tatt seg ein svipptur på golvet i båten. Så av og til kan det vere fristande å spør fint om vi ikkje kan endre kursen litt og seile til dømes nordover slik at vi ligg skikkeleg skeivt til eine sida istaden for den rullinga. Stian har prøvd å forklare meg 4 gonga no, at det er veldig lite lurt og det vil ta mykje lenger tid før vi er framme. Æsj. Sånt blir det dårleg stemning av. Eg blir so dritlei gynginga. Og då går eg å furtar ei lita stond, til eg innser at det er berre utriveleg.

Der stakk månen av. Han hadde andre gjeremål på hi sida av kloden, så han måtte berre stikke sa han. Her er mørkt. Iallefall når eg sitt å skriblar på pc'en. Mista fulllstendig nattesynet av lyset frå dataskjermen. Av og til bikkar eg ned skjermen og ser etter båtar. Eg ser ein båt langt der framme. Usikker på om han kjem imot eller reise frå oss. Eg får følge med. Ingen mørke og truande skyer heldigvis. Her en dag overhørte eg ein samtale på vhf'en mellom to båtar. Eg fekk berre med meg kva den eine sa, fordi den andre låg utanfor rekkevidde frå båten vår. Han som prata var engelsk og seilte åleine i båten sin. Han søv faktisk en halvtime om gongen. Ei natt var han så sliten at han hadde forsove seg. Han våkna etter 4 timar! Jøye meg. Skal ikkje klage på 4 timers nattevakta mi heretter. Mannen hørtes gla og fornøgd ut. Han hørtes verkeleg ut som han trivdes på store havet mutters åleine. Klin tullete fyren. Han sa at det gjekk greit å seile åleine her fordi han har radar og AIS og alarmar og slikt som vekte han vist båtar kom på kollisjonskurs i forhold til båten hans. Det var verre å segle frå Canada og til Island og slik sa han. Då var det ikkje så godt å få med seg kvar isfjella stod. Nei fysj og fy. Takke meg til å sitte her ute, 26 grader, shorts og t-skjorte. Vist Stian nokken gong skal reise nordover mot kaldare strøk, ja då blir eg igjen heime i Norge. Då skulla ej jammen blitt verkeleg redd. Isfjell som flytar på seg og dukkar opp der det passar dei best. Aldri i livet.

Pause. No såg eg to båtar. Kult. Då er eg ikkje mutters åleine. Ein anna ting eg tenke mykje på her ute i mørket er kvalane. Tenk om der skulle ligge ein kval på størresle med ett hus frammom oss og søv! Han høyrer ikkje den stille seglbåten som susar fram med ei fart på 6 knop. Ingen fare sei Stian. Ikkje nokke problem å kræsje med ein kval. For det første so har Stian sett kor tjukt båtskroget vårt er, og det tøle en hadt støyt før det gjeng høl. Dessutan er kvalen mjuk, ikkje hard og kvass som ett skjær. Og vist det skulle no gå høl, so trur han at han kan fikse det med å lappe med presening (reserveseil) rundt båten. For det har han lest en plass at nokken andre har gjort. Jaja, kval eller ikkje kval. Dinna turen her hadde aldri vore gjennomførbar vist ikkje eg stola på Stian so mykje som eg gjer. Han veit mykje, har peiling på det meste og klare å fikse kva det enn skulle vere. Men skyte på blink, der er eg mykje bedre enn han:) Dessutan har eg tung motorsykkellappen. Han har berre lett lappen;) Og så les eg fortare en Stian.. Ha.

Ny pause. Elia kom opp en tur. Han er våken og kjem for å få finne mamma som mangla i senga. Han er veldig fasinert over stjernene. Han kryp opp på fanget, dreg ned glidelåsen på den tynne flisjakka mi og vil gøyme seg innom jakka. Gutten har blitt så stor at det er bære så vidt eg får igjen jakka der han ligg krølla som en ball, kikar på stjernene, peikar og vinkar. Eg vil ikkje ha han her oppe når det er så gyngete, så eg ber han ned i senga og sei at han får ligge og søve ilag med pappa. Med pappa bak seg og bamsen i armane, smile han fornøgd og legg seg til ro.

Vakta mi er snart over no. Den gjekk veldig fort når eg hadde noko å gjere på. Eg prøvde å løyse litt sudoku istad, men måtte gi opp når eg held på å søvne.

Rart at vi har vore 18 døgn på sjøen. Det har gått fort. Og vi er fortsatt venna. Ikkje dårleg. Mange spør meg korleis det er å segle ilag med berre gutta. Tja, ikkje fritt for at eg er litt sjalu på Steffen av og til, det skal eg innrømme. Han og Stian har det veldig kjekt ilag med å teste kvarandre på trening og bading. Kven som er best og sterkast og mest uthaldande. Dei har til dømes vore veldig aktiv i sjøen i to dagar no. Dei heng seg bak på båten og testar kor langt dei klare å «klatre» under vatn framover på båten. Stian klarte å komme seg framom kjølen og tilbake. - for en fisk han er, høyrde eg Steffen rope. Det er ikkje enkelt å halde seg fast når vi samtidig seglar med 3 knops fart. Når det gjeld slike ting så er eg vel meir takknemleg enn misunneleg. Stian har så mykje energi i kroppen, at det er utruleg bra at han har en kompis som han kan trene og bli sliten ilag med. Ellers er det igrunn ok å bo i lag med guttane. Dei held humøret oppe og småertar slik som grytastrandingar ellers pleie å gjere. Det hadde no vore kjekt med ei jente her. Då hadde eg kanskje fått nokken til å vere enig med meg også av og til;)


No har Elia komt opp igjen til meg. Han vil ikkje vere nede og er trøtt og lei seg. Eg lagar til seng i cockpiten og så får han vere her ilag med meg likevel. Det har dessutan begynt å lysne no. Vi har 18 knop vind bak frå pluss at vi seglar med 6-7 knop. Eg ser at det er høge bårer bak oss. Kanksje 1,5 meter. Då blir det ikkje fisking og bading idag. Bading fordi det er for stor sjø og fisking fordi vi fikk en stor dorado igår kveld. Den største til no. Det hadde akkurat begynt å mørkne då han beit på. Han kjempa som bærre juling. Steffen hadde trena tidlegare på dagen og klarte nesten ikkje å halde fiskestanga. Stian stod klar med kleppen og vart så ivrig at han held på å dette på sjøen av heile greia. Steffen treiv tak i foten til Stian med eine handa og prøvde å halde fiskestanga med andre handa. For ett styr. Men no blir det fisk til frokost, middag og kvelds i mange dagar framover. Jippi sei eg. Eg er einaste ombord her som er glad for det. Guttane likar å fiske, men synast ikkje så mykje om å ete fisk i mange dagar.

Oi no fikk eg melding på satelittelefonen om at nokon håpar der kjem et lite reisebrev snart. Lite og lite fru blom. Jaja.. det blei ikkje så reint lita helsing ditta då men.

No har det lysna og vakta mi var over for 20 minutt sida. Elia søv. Og der kom faktisk trøtte Stian. Då skal eg bære sende en mail og so kan eg gå å legge meg. Denne vakta gjekk fint.

14.33 N og 49.21 W er posisjonen no klokka 09.25 GMT. JIPPI vi er snart framme folkens. Berre 676 nautiske mil igjen. Det burde oss klare på 6 dagar sei Stian. Vi for sjå. Arti arti:)

reidun

Ingen kommentarer: