mandag 15. desember 2008

Snart framme!

I natt regna det heilt vanvitti!! I 4-5 tima styrta det ned og uansett kor vi prøvde å svinge vekk frå den kraftige byga, så såg det ut som om den forfulgte oss. Vi satt halvegs ute og inne og følgde med på radaren om der var båtar i nærheita. Lite vind, så vi gjekk for motor heile natta. Igår fekk vi melding frå Las Primas jentene om posisjonen deira og Stian og Steffen vart konkurransesjuk og fekk igong motoren med ein gong. Det viser seg at dei ligg ganske likt med oss, berre litt nord for oss. Ikkje snakk om at dei skal først til land. Vi vil først i mål koste kva det koste vil. Det faktum at dei har tatt oss igjen med 1,5 dagar (fordi vi tjuvstarta) spelar ingen rolle. vi må først til land;)

Nytt Elia ord: brrr = kaldt. korleis han har lært det er ei gåte, for her er alt anna en kaldt. Her eg sit inne i båten er det 30 grader og ute er det endå meir slik som sola steike. Kanskje kan pingvin boka få skulda for å lære han ordet? Vi har ei bok om en pingvin som frys slik at han bygger seg ein båt og seglar frå sydpolen og til varmare strøk. Kvar gong vi ser at pingvinen frys og eg les at der er kaldt, så gjer Elia tegnspråk for kaldt og han sei brrr. Pingvin boka var forresten ei av Stian sine favorittbøker frå då han var liten. Anar eg ein liten link her -Stian og Pingvinen? Har ein mistanke kvar den gryande draumen etter varmare land har sitt opphav.

Ellers laga vi flott fiskemiddag igår. Poteter og kvitsaus og steikt fisk..... æsj. den smaka heilt forferdeleg. Gåen etter 4 dagar i kjøleslap. uhørt. det vart istaden fiskebolla i kvitsaus til middag.
Og før vi fikk melding frå Las Primas hadde vi sånn sein fart at eg kunne bade litt. Mista sjølvsagt shampoo flaska og det var no ikkje så big deal, men det er no skøy å øve seg på å fiske opp igjen ting i litt tullete sjø, så vi hadde oss ein liten shampoo over bord øvelse. Denne gongen var vi flinkare å få inn fiskesnøra og tau og slikt som hang etter båten, så vi slapp propellvase reprise.

Posisjonen vår klokka 13.20 GMT:
14.12.154N
59.01.617W

No har vi stoppa motoren då det kom vind bakfrå igjen og vi seglar med forseil, 4,5 knops fart. Vi gler oss til vi er framme snart og får treffe igjen venna og springe på bakken.
reidun

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Har nettopp gratulert Good Mood som no ligg oppankra ved marinaen på St.Lucia
Klokka der var 05.00 (10 norsk tid)

Unknown sa...

JIPPI! OG TAKK OG PRIS! Det var beroligande og befriande å høyre at de er vel framme (så langt). Har fulgt turen over havet, med interesse og spenning! No kan eg lene meg tilbake og puste ut ei stund. Ventar sjølvsagt på meir bilder i fotoalbumet.(Alltid like kjekt!)